Uføremyta

Olav Magnus Linge
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uføremyta er fortellinga om “uføreeksplosjonen.” Dynamitten som visstnok lurer under den trygge velferdsstaten vår. Uføremyta er ein politisk konstruksjon skapt av høgrepartia, for å klårgjere grunnen for velferdskutt. Uføremyta er ei blanding av rein løgn og tildekking av politikk som vitskap. Ho er farleg, og må avlivast før ho kostar dei som har minst den vesle tryggleiken velferdsstaten så langt har gitt.

Konkret har uføremyta tre delar; Myta om auken i unge uføre. Myta om at vi ikkje har råd til å finansiere uføretrygda. Myta om at folk nok “tek seg saman” og sluttar å vere kreftsjuk eller tøyse  med psykiske lidingar, berre dei får litt mindre pengar av NAV.

Forteljinga om dramatisk auke av unge uføre er rein løgn. Den samla auken av unge uføre dei siste ti åra er 94 personar. Forteljinga om at vi ikkje har råd til å finansiere uføretrygd for så mange, er eit forsøk på å dekke eit politisk val bak liksom-vitskap. Kva for velferdsordningar vi har råd til i framtida er eit spørsmål om kva politikk som vert ført. Det er meiningslaust å hevde at ei folketrygd innført i 1967 før eit einaste oljefelt var i sving, er for dyrt for Noreg i 2010. Forteljinga om at trygdene er for høge til at folk kjem i jobb, er også faktafeil ispedd hjarterå kynisme. Det er sjølvsagt enkelt å få vekk talet på uførtrygda ved å fjerne uførepensjonen. Slik kan sjuke og uføre tvingast over på sosialhjelp eller til Kirkens Bymisjon. Men å tru at sjuke folk vert friske av å få mindre pengar, er marknadsideologi på sitt mest umenneskelege. Ingen “får” uføretrygd ved å sende eit pent postkort til NAV. Uføre har medisinske diagnosar, og er testa og vurdert av fagfolk.

LES SISTE HELSENYTT!

I uføredebatten møter høgresida (og her inkluderar eg delar av det norske Arbeidarpartiet) seg sjølv i døra, uansett kva veg dei snur seg. Den same høgresida som klagar over det “høge norske lønsnivået,”  trur at folk “vel” uføretrygd framfor å gå i arbeid. Den same høgresida som klagar over eit “auka utanforskap” ønskjer ikkje å betale for tilrettelegging i arbeidslivet, auke fagrørslas makt eller prøve ut 6-timarsdagen. Den same høgresida som skryt av “produktiviteten i den kapitalistiske økonomien,” prøvar i fullt alvor å få oss til å tru at vi ikkje har råd til trygdeordningar vedtekne på 1960-talet, etter fem  tiår med oljeøkonomi.  

Når kom vi oss hit? Når blei det eit problem at vi i Noreg har trygd for dei som er sjuke og uføre? Folketrygda, uførepensjonen, sjukelønna – alle er tilkjempa rettar, adelsmerker ved samfunnet vårt.  Dagens ordning er for lite raus, for lite fleksibel og det er for lite midlar sett av til å legge til rette for at dei som er sjuke kan bli friskare. Endringane politikarane burde diskutere er dei som kunne gjort kvardagen lettare, og levekåra tryggare for dei i landet vårt som er for sjuke til å stå i jobb. Noko anna er berre uanstendig i 2010.