Twitter håpar på lesbisk Disney-par

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i år kravde Twitter-brukarane at Disney og Marvel skulle gje hovudroller ein likekjønna kjærast, i twitterkampanjane #GiveElsaAGirlfriend og #GiveCaptainAmericaABoyfriend.

Oppmodingane kan no ha blitt tekne på alvor, melder VG.

LES OGSÅ: Ein kald skulder frå Disney

Etter at Disney Pixar la ut trailaren til filmen «Oppdrag Dory», spekulerer fleire i om det kvinnelege paret i trailaren kan vere Disney Pixar sitt første lesbiske par, skriv VG.

I trailaren er paret i ein park med ei lita jente i vogn. Jenta mister koppen, og det er to mødrer som plukker den opp att. Både USA Today og The Guardian spekulerer i om mødrene kan vere eit lesbisk par.

Ifølgje VG har ikkje Disney Pixar kommentert saka sjølv, men den har blitt diskutert på Twitter.

I ein kommentar på nettstaden The Frisky skriv Liz Magee at ho håper dette er eit steg mot aksept og feiring av det homofile miljø i Disney.

LES OGSÅ: Disney-prinsessene sitt snakkeproblem