TV 2: Bieber har brote avtalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framfor nesten 1.000 vantru publikummarar forlét den canadiske superstjerna scena på Chateau Neuf i Oslo like etter klokka 22.30. TV 2 stod som arrangør for konserten, som etter planen skulle sendast i november.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om Justin Bieber?

– Vi skulle sendt ein halvtimes konsert på TV 2 13. november, og vi har ikkje materiale til ein halvtime. Så der har vi ei utfordring, seier kommunikasjonssjef Jan-Petter Dahl til NRK.

– Dette er eit soleklart brot på den avtalen som vi hadde med Justin Bieber, legg han til.

Ifølgje Dahl er det for tidleg å seie noko om det blir reist erstatningskrav mot popidolet.

– Det er berre nokre timar sidan dette skjedde, og det er mange av oss som ikkje har sove så mykje i natt og hatt meir enn nok med å ta tak i sjølve hendinga. Så vi får snakke om konsekvensane når folk etter kvart vaknar og kjem seg på jobb, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Iggy Pop: – Justin Bieber er framtida