Trur folk stolar meir på faktasjekk i Noreg enn USA

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me skal ikkje vera noko meiningspoliti. Me skal heller ikkje peika ut løgnarar. Me skal påpeika både rett og feil bruk av fakta. Vonleg vil me gjera det på ein såpass overtydande måte at folk får tillit til oss, seier Faktisk-redaktør Kristoffer Egeberg i ein epost til Framtida.no.

Då redaktørane i VG, Dagbladet og NRK nyleg gjekk saman om å lansera faktasjekktenesta Faktisk, var det med store ord: Ifølgje pressemeldinga er håpet at Faktisk skal bidra til eit meir opplyst ordskifte, avdekkje falske nyheiter og hjelpe folk til å ta betre avgjerder.

Framtida.no har tidlegare skrive om at forskinga som har blitt gjort på effekten av faktasjekking viser noko blanda resultat. Samstundes peikte me på eit paradoks: Landet som framfor nokon blir forbunde med «postfaktasamfunnet» og falske nyheiter, USA, er også det landet som har desidert flest faktasjekk-nettsider.

LES OGSÅ: Kan Faktisk bli ein faktasuksess?

Spørsmålet er difor: Kan Faktisk.no hindra Trump-tilstandar i Noreg når Politifact og andre ikkje har klart det i USA? Faktisk-redaktør og Dagbladet-journalist Egeberg er optimist.

– Både demografien og medielandskapet i Noreg er veldig annleis enn i USA. Potensialet for at me kan nå fram til ein langt større del av folket enn faktasjekkarar i USA, er stort. Samstundes er samfunnsdebatten mindre polarisert. Eg trur me generelt sett er meir villige til å stola på ein faktasjekk så framt me gjer jobben vår godt, og er opne om prosessen i alle ledd. Det skal me vera, understrekar Egeberg.

Medieforskar Petter Bae Brandtzæg har nettopp peikt på full openheit som ein viktig faktor for at Faktisk og liknande tenester skal kunna lykkast.

Saman med kollega Asbjørn Følstad ved SINTEF har han forska på kva som gjer at folk får tillit eller mistillit til faktasjekksider, og fann ut at slike sider ofte blir kritisert på grunn av mistankar om politiske eller økonomiske bindingar.

I tillegg til openheit peikar Kristoffer Egeberg på tempo som ein viktig faktor for at Faktisk skal lykkast.

– Under valkampen i USA tok det gjerne 17 timar frå ei falsk nyheit gjekk viralt, til nokon hadde rekt å faktasjekke den. Då er det for seint, seier redaktøren, som samstundes understrekar at dei aldri kan hindra at nettet blir fylt med «tull og fanteri».

– Men me kan kanskje hindra at så mange let seg lura av det.