Tromsø først med drone-studium

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Tromsø (UiT) tilbyr frå i haust som det første universitetet i verda ei eiga bachelorutdanning i droneflyging.

Studentane blir gjennom studiet ved Institutt for ingeniørvitskap og tryggleik sertifiserte droneflygarar.

– Dronar er framtida og inneber betre økonomi, og dei er meir miljøvennlege og mindre farlege enn bruk av tradisjonelle fly, seier prosjektleiar for dronepilotutdanninga Håvard Mjøen til avisa iTromsø.

Både i USA og Israel finst det liknande utdanningstilbod, men da i samarbeid med forsvaret. UiT er først med ei heilt sivil dronepilotutdanning. (©NPK)