Tre unge festspeldiktarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkåret 2013 vil prege mykje av programmet på Festspela, og er også ein av hovudgrunnane til at festivalen i år gjer eit heilt nytt grep med den faste festspeldiktarrolla.

I fjor sommar sette Kjartan Fløgstad lys på kor godt det gror blant unge, nynorske forfattarar. Talet på nye skjønnlitterære debutantar på nynorsk veks betydeleg meir enn mengda nynorskbrukarar skulle tilseie. – Kronikken "Eit sant mirakel" inspirerte oss til å endre vår faste tradisjon med éin festspeldiktar. Difor vil festspelpublikummet i år få oppleve tre unge forfattarar, mellom anna i møte med Kjartan Fløgstad som var den første festspeldiktaren i 1994, seier programansvarleg Karine Munch.

Sveen og søstrene Sørumgård Botheim har merkt seg ut i det litterære landskapet med tydelege stemmer som har framtida føre seg.

LES OGSÅ: Kjærleik i fire dagar

Grenselaust festspel
I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og dette er ein av hovudgrunnane til feiringa av Språkåret 2013. Som ei av hovudmarkeringane i Språkåret 2013 går Dei nynorske festspela utover dei faste grensene. Difor er det naturleg at temaet for årets festspel er Grenselaust. – Dette temaet gir rom for nye og annleis programpostar, utøvarar og arenaer. Festspela blir grenseoverskridande både i høve sjanger og landegrenser, men er sjølvsagt likevel solid forankra i den nynorske skriftkulturen, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Dei nynorske festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 27. – 30. juni.

Faktaboks

Lars Petter Sveen er fødd i 1981 og er opphavleg frå Fræna. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutromanen Køyre frå Fræna(2008). I 2011 følgde han opp med romanen Eg kjem tilbake.

Søskenparet Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) og Sigrid Sørumgård Botheim (f. 1985) er frå Lesja. Dei debuterte saman som forfattarar med den særeigne og leikande romanen Ramstein pensionat i 2009. I 2011 ga dei ut boka Søskensaman med søstrene Kjersti Rognes Solbu og Ingrid Rognes Solbu.