– Torget viktigare enn Twitter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartia har rusta seg i kampen om veljarane på nettet. Framtida.no spør leiarane av ungdomspartia: – Blir sosiale media avgjerande i valkampen?

– Nei, eg trur ikkje det. Kandidatsider på Facebook kan vera viktige for å henta støtte til ein kandidat. Sosiale media vil vera viktige, men ein god samtale på torget kan aldri toppast av Twitter, seier Henrik Asheim, leiar i Unge Høgre. Han fortel at partiet har satsa på å driva valkamp med hjelp av samtale.

– Eg trur dette blir det første valet der sosiale media har noko å seia. Det vil bli ein veldig viktig kanal for å nå inn til folk, seier nestleiar i AUF, Åsmund Aukrust. På spørsmål om han trur dei avlyste skuledebattane gjer sosiale media endå viktigare, svarar han at ikkje trur det.

– I ein slik setting vil det bli meir samtale, meir enn propaganda. Då kan sosiale media bli viktigare, seier Henrik Asheim.

LES ALT OM LOKALVALET HER!

– Om ikkje avgjerande, så trur eg sosiale media blir veldig viktig. Mange unge er aktive, spesielt å på Facebook, og kan også ta ordet der. På mange fysiske møter, er det oftast menn over 40 som tek ordet, seier Johannes Rindal, leiar i Senterungdommen.

– Eg trur sosiale media kan bli avgjerande for unge politikarar som har mål om å bli valt. Ein bør vera aktiv for å koma inn. Men for eldre kandidatar er det ikkje så viktig, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn.

Elisabeth Løland, leiar i KrFU, har mest tru på fysiske møter.

– Eg trur det blir overdrive kor viktig nettet eigentleg er, seier ho.

Trur du sosiale media blir viktigare i valkampane framover?