Tore Renberg med ny roman – på nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjem frå ein stad i landet der språket ligg tett opptil nynorsk, sjølv om dei fleste skriv bokmål. Det kjendest ufatteleg frigjerande å gjera dette, seier forfattar og musikar Tore Renberg til nettstaden BOK365

Frå Teksas til nynorsk
Då Forlaget Oktober lanserte haustlista si kom det som ei overrasking at den folkekjære Stavanger-forfattaren for første gong gjev ut ein roman på nynorsk.

Etter Mannen som elsket Yngve (2003) og resten av bokserien om Jarle Klepp, som òg er filmatisert, har Renberg dei siste åra gjort stor suksess med Teksas-serien. Mange ventar difor i spenning på oppfølgjaren til Vi ses i morgen (2013) og Angrep fra alle kanter (2014).

I staden for vert det den 23. september lansering av den frittståande nynorske romanen Du er så lys.

LES OGSÅ: Ein konsert gav sju festivaljobbar

Nye utfordringar
Til BOK365 forklarar Renberg at han følte han trong ein ny reiskap.

– Eg følte ei trøttheit og eit ubehag ved språket som antakeleg skuldast følelsen av at eg hadde gjort dette så lenge. Som når du har vore gift i 25 år og vaknar opp ved sida av kona og seier … jaha … det var deg det, forklarar Renberg, som slik fekk ideen om å utfordra seg sjølv til å skriva nynorsk.

I Du er så lys, som er Tore Renberg sin trettande roman, møter lesaren Jørgen og Vibeke, som får nye naboar. Dei to familiane vert gode vener, men noko skurrar med faren i nabohuset.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!