Tør du å gjere andre glade?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet.

Kvart år blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet. I MOT sine 148 Lokalsamfunn med MOT blir dagen markert med eit enkelt bodskap: Sprei glede!

Ulstein er eit Lokalsamfunn med MOT, og markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen.

– MOT til å glede-dagen handlar om å glede andre med enkle midlar. Eg vil utfordre alle til å glede nokon dei møter i dag. For eksempel, ta med kake eller frukt på jobben, besøk bestemora di eller send ein SMS til nokon du er glad i, seier MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein kommune.

LES OGSÅ: Store forskjellar i mobbetal – Skulane må ta mobbing på alvor

MOT i skule og fritid
Ved Ulstein ungdomsskule blir, tradisjonen tru, elevar og lærarar møtt av det lokale MOT-laget med smil og noko godt når dei kjem på skulen morgonen. MOT-koordinatoren vil deretter besøke alle 7. klassene i Ulstein, og fortelje om MOT og besøka dei får av Ungdom med MOT til våren.

– Om du er i sentrum av Ulsteinvik på ettermiddagen kan det også hende du møter kjekke ungdommar som er ute for å spreie glede. Om kvelden markerer vi dagen på Bell Ungdomsklubb, held Marie fram.

MOT sentralt arrangerer også ein fotokonkurranse. Del ditt beste gledebilete og tagg det #glednoen på Instagram. Ein kan også sende bilete på epost til glednoen@mot.no. Vinnaren vert kåra på MOT til å glede-dagen.

LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig

MOT til å bry seg
MOT-koordinatoren understrekar at alle har eit ansvar for å skape eit trygt samfunn. Dette ansvaret har vi kvar dag.

– Med MOT til å glede-dagen ønskjer vi å rette eit ekstra fokus på det å bry seg om kvarandre. Om alle i vårt lokalsamfunn er med å spreie litt glede – så trur eg vi klarer å skape eit varmare lokalsamfunn for alle, avsluttar ho.

Under ser du bilete frå Instagram med emneknaggen #glednoen: