Tonning Riise blir truleg ny Unge Høgre-leiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han kan ta over Unge Høgre

– Eg er audmjuk, glad og stolt over å bli innstilt som leiar av Noregs beste og viktigaste ungdomsparti, og håpar landsmøtet også vil vise meg denne tilliten, seier Tonning Riise i ei pressemelding.

– Etter åtte år i opposisjon blir det oppgåva vår å sørgje for at eit Høgre i posisjon ikkje berre skal administrere betre, men også føre ein politikk som gir staten litt mindre kontroll og enkeltmennesket litt meir fridom og makt over eigen kvardag, seier Tonning Riise.

Valkomiteen trekkjer spesielt fram at Riise gjennom si tid i Unge Høgre har vist seg å vere ei tydeleg ideologisk stemme som ikkje har vore redd for å ta upopulære debattar.

– Kristian har vore dyktig til å fordjupe seg fagleg i enkeltsaker, samtidig som han har makta å ha eit politisk overblikk, seier valkomiteleiar Fredrik Bjercke Punsvik. (©NPK)

LES SISTE NYTT FRÅ POLITIKKEN HER!