Tolking av «For trykkefriheten» og «Lagnaden sa vi»

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Diktet «For trykkefriheten» vart skrive av den folkekjære og samfunnsengasjerte diktaren Henrik Wergeland i 1840. Som tittelen seier, er dette eit dikt som talar for trykkefridommen. Seinare, i 1969, gav Arnljot Eggen ut diktsamlinga Sprekker i muren, der vi finn diktet «Lagnad sa vi». Eggen sitt dikt syner, som Wergeland sitt, eit sterkt samfunnsengasjement, som i hovudsak kritiserer medmenneskelege haldningar. Kan dikta, trass at dei høvesvis er om lag 175 og 45 år gamle, vera aktuelle i dag?

«For trykkefriheten» er eit tradisjonelt oppbygd dikt, som består av to strofer. Kvar av strofene består av ni verselinjer, som følgjer det faste enderimsmønsteret abaccbddb. Dette gjev diktet ei fast takt og flyt. Fyrste strofe tek til med eit spørsmål til lesaren. «Hvor trives noget godt og skjønt/ og stort i tvang?» Med det kjem tankane til lesaren i gang, men han treng ikkje å svare på spørsmålet. Svaret kjem vidare i strofa, som ein serie med språklege bilete. Ved å nytte naturen som døme, gjev diktet sjølv svaret på kva som skjer ved tvang. I tredje verselinje er det nytta personifikasjon for å få fram konsekvensane ved tvangsbruk. «Kvel engen – gresset blir ei grønt». Det er dei store, vakre og majestetiske trekka ved naturen som vert tekne fram, og tvang viser seg å ha negative konsekvensar for alle – ørna døyr, og kjelda vert ein giftig sump. Med desse døma konkluderast det i dei to siste verselinjene i fyrste strofe med at «Naturen hater, sterk og fri, all tvang». Måten Wergeland nyttegjer seg av naturen på, syner tydeleg den nasjonalromantiske tradisjonen hos han. Han grunngjev sin argumentasjon med dømer frå den folkekjære og vakre naturen, som skal overtyde ved å skape kjensler hos lesaren. Slik sett kan ein seie at diktet har ein patosappell.

Eggen, derimot, nyttegjer seg ikkje av naturen for å få fram bodskapen sin. I motsetning til «For trykkefriheten» er «Lagnad sa vi» eit modernistisk oppbygd dikt, utan faste rim og mønster. Diktet består av 13 strofer, med eit varierande tal verselinjer. Bodskapen i diktet vert spesielt underbygd av anaforen «lagnad sa vi», som alle strofene tek til med. Riktig nok har to strofer ein variasjon av anaforen. Uansett variasjon, uttrykkjer anaforen ei ansvarsfråskriving. Bruken av det personlege pronomenet «vi», gjer så lesaren vert dregen inn i denne ansvarsfråskrivinga. Alle strofene består slik sett av to delar, der dei tek til med anaforen og ansvarsfråskrivinga, og sluttar med hendingar om kva «vi» ikkje tek ansvaret for. Graden av alvor i desse hendingane stig utover i diktet. Til dømes startar diktet med hendinga «når vi slumpa til å snåve i einkvan», medan det i åttande strofe står «når folk i grannelaget svalt i hel». I nest siste strofe, «Lagnad sa vi/ til barns beinstumpar og brende andlet», er barn nytta for å tydeleggjera alvoret og det grufulle i bodskapen. Som i «For trykkefriheten», kan ein seie at «Lagnad sa vi» her nyttegjer seg av patos for å nå fram til lesaren.

Kva for kjensler patosappellen i dikta spelar på, er derimot ulik. Der den nasjonalromantiske Wergeland har spelt på kjensler kring den vakre naturen, spelar Eggen på det forferdelege og melankolske. Dette harmonerer med at «Lagnad sa vi» ikkje gjev noka løysning på ansvarsfråskrivinga, medan «For trykkefriheten» har eit positivt syn på verknadane av ei fri presse. Dette kjem fram i andre strofe av diktet til Wergeland. Denne strofa tek, som den fyrste, til med eit spørsmål. Spørsmålet viser attende til fyrste strofe, som skildrar ei kjelde som vil verte ein giftig sump. Kan «åndens kilder, tankens flukt/ da tåle tvang?». Diktet vertsett sanninga, og nyttar ein personifikasjon av sanninga for å fremje det. «Skal sannhet ikkun stråle smukt,/ i eget hjerte innelukt, […]?». At dette vert feil, vert understreka av ei samanlikning. Wergeland samanliknar det å halde sanninga for seg sjølv, i ein intertekstualitet med Tusen og ei natt. I ei av historiene der vert Aladdin stengd inne i ei hule utan mat, men med diamantar forma som frukt. På same viset som at diamantane ikkje hadde nokon verdi for Aladdin inne i hola, har ikkje sanninga verdi dersom ho ikkje ser dagslys. Med det kjem bodskapen i Wergeland sitt dikt tydeleg fram: «Nei, presse, løft din sterke arm!/ Befri all verden i din harm/ fra tvang!».

Optimismen vi finn hos Wergeland, er ikkje til stades hos Eggen. Bodskapen i «Lagnad sa vi» er underbygd mellom anna av dobbeltmoralen og likegyldigheita ansvarsfråskrivinga skildrar. Likegyldigheita er dessutan uttrykt i skrivestilen i diktet. Ved å strippe diktet heilt for grammatisk korrektur og teiknsetjing, som stor forbokstav og komma, skapar Eggen ei likegyldig sinnsstemning hos lesaren. Manglande teiknsetjing skapar dessutan ein mangel på takt i diktet, som er med på å byggje oppunder denne sinnsstemninga.

Dette gjer brota på anaforen i niande og siste strofe desto meir effektive. Strofene presenterer, som anaforbrotet peiker mot, noko nytt i diktet. I niande strofe visast tydleg ei haldning som tredje og fjerde strofe kunne indikere, nemleg at «vi-et» i diktet ikkje ønskjer noka endring. Tvert imot viser niande strofe ei haldning som motverkar endring, i det nokså tragiske og dramatiske språklege biletet: «lagnad lagnad sa vi taktfast/ hamra spikrar inn i kista/ og overdøyvde protestane til han som låg der». Anaforbrotet i siste strofe er enkelt, men effektivt. Her er verbet endra frå fortid til nåtid, som tydeleggjer at strofa omhandlar korleis «vi» ter oss nå. «lagnad seier vi/ og vaskar ikkje berre hendene/ men legg dei frå oss òg». Dei to siste verselinjene uttrykkjer bodskapen i diktet metaforisk. At vi både vaskar og legg frå oss hendene, er ein metafor på den rådande dobbeltmoralen. Vi skuldar på lagnaden når grusame hendingar inntreff, trass det oss sjølve som utfører handlingane. Om dette ikkje er grusamt nok, vaskar vi sølet på hendene av oss, og legg i tillegg frå oss hendene. Paradokset i å leggje frå seg hendene, syner til kor meiningslaus likegyldigheita og dobbeltmoralen er.

Utifrå dette kan ein seie at bodskapen i dei to dikta omhandlar sanninga på to ulike måtar. For Wergeland er det viktig at sanninga skal fram, noko han prissett ved å halde ei optimistisk tone gjennom diktet, mellom anna ved å nyttegjere seg av naturen. Eggen, derimot, ser verdien i å seie sanninga, sjølv om ho kan slå «sprekkar i muren». Sidan sanninga ikkje gjev nokon optimistisk kjensle, held diktet fast ved den melankolske og likegyldige tona. Trass dette, uttrykkjer dei begge eit behov for at sanninga vert sagt, og ser ein nødvendigheit i dette.

Både «For trykkefriheten» og «Lagnad sa vi» kan dermed seiast å uttrykkje dagsaktuelle tema. Dette gjeld til dømes viktigheita av ei fri og uavhengig presse, noko som vert sett på som eit viktig fundament i eit fungerande demokrati. Pressefridommen skal sikre eit organ som jobbar for å få fram sanninga, og som hindrar propaganda. Det kjem stadig døme på korleis granskande journalistikk førar til at store underslag og juks vert avslørt, samtidig som ein ser korleis pressa ter seg i land utan pressefridom, med nord-koreansk propaganda som døme. Samstundes er likegyldigheit knytt til eigne haldningar eit stadig omtala tema. Vestleg forbruk, ressursutnytting og klimalovnader, saman med faktum at til dømes stormakter vel å stå utanfor viktige internasjonale samarbeidsavtaler, syner ei sterkt dobbeltmoralsk haldning. Dette syner både eit behov for at sanninga kjem fram, og ein verdi i å leve etter sanninga, i tråd med bodskapen i begge dikta. Skal ein tru på Ibsen og profeten Peer Gynt, kan det rett nok verte for mykje av sanninga. Peer slår nemleg fast at «Sandhed i sin Overdrift, er en bagvendt Visdomsskrift».

Faktaboks

I 2014 fekk VG3-elevane på studieførebuande denne eksamensoppgåva i norsk hovudmål (ekstern lenkje)

Torstein Slettmoen fekk Fridtjov Oos’ legat og karakteren seks for oppgåva si. Dette er langsvaroppgåva hans.

Sjå kortsvaroppgåva hans her!