Tjuefjorten: Design har blitt inkje-kjønn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No blir dette lov å skriva

No kan du like designet eller designen, skrive tjuefjorten eller totusenogfjorten og ete lunsj klokka 12.00 eller 12:00. Du kan òg skrive datoar på ein ny måte i visse samanhengar.

Endringane er vedtekne mest på grunn av korleis språkbruken har utvikla seg i samfunnet.

Dette er nytt i den offisielle rettskrivinga og skrivereglane, ifølgje ei pressemelding frå Språkrådet:

· Design kan no skrivast som inkjekjønnsord, ikkje berre som hankjønnsord.

På nynorsk vert bøyinga eit designdesignetdesigndesigna eller ein designdesignendesignardesignane. På bokmål vert det et designdesignetdesigndesigna/designene eller en designdesignendesignerdesignene.

Bakgrunn: Design har vore normert som hankjønnsord sidan 1969, men er truleg minst like mykje brukt som inkjekjønnsord, og Patentstyret med fleire har bede om ei endring.

· Skrivemåten tjuefjorten vert no likestilt med totusenogfjorten, før har berre den siste vore normert.

Likestillinga gjeld òg dei få samanhengane der Språkrådet gjev råd om uttale/lesemåte.

Bakgrunn: Skrivemåten av årstal etter 2000 vart vedteken i 1985, og da gjekk ein inn for totusen-formene. Dette har også vore dominerande i uttalen av åra 2000–2010, men for åra 2011–2014 og kommande år har det blitt vanleg å bruke til dømes både tjuetolv og totusenogtolv. Desse skrivemåtane blir no sidestilte, og med det òg lesemåten av dei.

Les siste språk-nytt her!

· Firesifra klokkeslett kan no skrivast med kolon, ikkje berre med punktum.

Hittil har ein kunna skrive kl. 13, kl. 1300 eller kl. 13.00. Heretter kan ein òg skrive kl. 13:00.

Nøyaktige klokkeslett kan no skrivast anten som kl. 14.05.02,3 eller kl. 14:05:02,3.

Ved tidtaking blir det anten 15.46,6 eller 15:46,6.

Bakgrunn: Reglane har lege fast sidan 1970-åra, men skrivemåten med kolon i klokkeslett har vorte meir og meir vanleg. Digitalisering er ei viktig årsak. Etter den internasjonale standarden NS-ISO 8601 skal kolon brukast som skiljeteikn, og det er styrande for korleis mange skriv klokkeslett på datamaskinar. Kolon vert no eit alternativ i dei offisielle skrivereglane. 

LES OGSÅ: Her er årets ord i 2013

· Datoar kan no ha formatet år-månad-dag i teknisk bruk. I allmennspråket og i løpande tekst er framleis berre formatet dag-månad-år rett.

Bakgrunn: Den tradisjonelle rekkjefølgja dag-månad-år (f.eks. 17.05.2014) er i samsvar med vanleg talemål og korleis rekkjefølgja er når ein skriv månadsnamnet fullt ut: 17. mai 2014. Rekkjefølgja år-månad-dag (f.eks. 2014.05.17) er norsk og internasjonal standard og mykje brukt ved utveksling av data, i kronologiske lister og anna.

Det er fagrådet for normering og språkobservasjon som har greidd ut endringane, og styret i Språkrådet vedtok dei den 11. februar 2014.

Les alt om den nynorske rettskrivingsreforma av 1. august 2012 her!