Tilbake med eigen julesong etter kreften

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilbake med song etter kreftsjukdom

Songar Venche Vartdal Leite gir for første gong ut ein låt der ho sjølv står for både tekst og melodi. I «Med håp om fred» syng Venche ut tankane sine om det å vere på flukt, om juleevangeliet og om det å halde trua oppe når ting buttar imot.

– Eg hadde gått og kjent på det lenge. Heilt sidan jul i fjor. Eg var hås, og det å synge og vere på speleoppdrag var tungt og slitsamt. Eg var ikkje låk, men eg var ikkje i form heller. Det gjekk fleire månader før eg bestemte meg for at nok var nok, og eg gjekk til lege.

Tanken var at ho hadde fått knute på stemmebandet. Diagnosen ho enda opp med var kreft i skjoldbruskkjertelen.

– Det kom nokre tårer, men det store sjokket fekk eg ikkje. Eg var innom fleire spesialistar på vegen før eg fekk den endelege diagnosen, så eg fekk tid til å la det søkke inn. Det er kanskje tyngre for dei som er rundt, men mannen min, Levi-André, er solid. Ungane har teke det på litt ulike måtar, men eg føler at eg har hatt oddsa med meg, sjølv om eg sjølvsagt kjenner at det er blodig urettferdig at dette skulle råke meg.

9. juli vart ho operert ved St. Olavs Hospital. Kreften hadde spreidd seg, og ni lymfeknutar vart også fjerna.

 – På sjukehuset spurte dei meg før operasjonen om eg var redd for å miste stemma. Fjern kreften, sa eg. Det var alt eg brydde meg om. Då eg vakna etter operasjonen kjende eg likevel på angsten for at stemma mi var vekke. Ho er framleis hås, men ho er der, heldigvis. 

Stille

Det har difor vore stille rundt Venche Vartdal Leite den siste tida. Ho som stort sett var å finne på ei scene, i ei kyrkje eller på eit kulturhus framføre mikrofonen måtte ta ein pause frå det ho elskar aller mest, å synge. No tek ho eit solid, men forsiktig steg tilbake og inn i musikken att. 

– Eg har hatt tradisjon med å halde julekonsert i Vartdal kyrkje, men det kan eg ikkje i år. Det synest eg er veldig trist, men eg må passe på stemma mi. Ho varierer frå dag til dag, og eg treng nok litt tid før ho er som ho var. Eg prøver meg likevel på mindre oppdrag, og kjenner at det er godt å vere tilbake.

Julesong

Ho har alltid vore oppteken av at det ho syng skal vere av kvalitet. Tekstane skal ha ei meining som ho kan stå for, og som kan gi noko til dei ho syng for. Terskelen for å setje seg til bordet og skrive sjølv har ho difor alltid meint er for høg. Det er ikkje ektemannen samd i.

– Du kan ikkje berre synge andre sine tekstar, seier Levi-André til meg stadig vekk, og ein kveld han reiste på seinvakt sa han til meg før han gjekk: Skriv ein julesong no då, Venche, og så reiste han.

Venche er ikkje verre på det enn at ho vart noko irritert på mannen si standhaftige tru på at ho kunne klare dette sjølv.

– No skal han jammen få, tenkte Venche, og sette seg ved pianoet. To timar seinare var han der, julesongen «Med håp om fred».

– Noko losna då eg sette meg ned. Eg fann melodien, og så kom teksten. Det handlar mykje om tida vi er inne i. Håp om fred. Det skjer så mykje trasig ute i verda og rundt oss. Mange er redde, og det skaper framandfrykt og hat. Det er så trist. Og så er det dette med å ha ein skummel sjukdom. Det var nok med på å gjere at teksta kom så fort.

«Julekvelden kjem dalande ned, fyller oss med håp om fred», syng Venche.

– Eg tok opp det eg laga og sende til Levi-André, berre for å vise han. Så gjekk det eit par veker, så kjem det fram at han hadde sendt utkastet mitt til Sverre Walderhaug! Eg vart så sint. Det var jo berre noko eg hadde rota saman. Det var ikkje ferdig eingong.

Men så gjekk det slag i slag. Gode hjelparar ville Venche vel. Dei hadde trua på henne. Levi-André mest av alle. Venche ville vente til neste jul. Ektemannen meinte at tida var no. Og slik vart det.

– Først var det litt kleint. Det er første gongen eg har gjort noko aleine, men no synest eg at songen har vorte kjempefin. Det er viktig å ha folk rundt seg som pushar. All ære til dei som har hjelpt meg med dette.

Over helga kjem singelen ut for sal. Allereie no ligg han ute, mellom anna på Spotify og iTunes for dei som vil høyre.

Så vart det ingen julekonsert med Venche i år, men ein julesong får vere ei god erstatning, for i år.

– Eg håper å vere tilbake i gammal form om ikkje for lenge. Eg startar mjukt med ein konsert på avdelinga ved Åse sjukehus no før jul, som takk for all hjelpa eg har fått der. Dei er fantastiske.

Arrangementet på singelen er det Håvard Sveås som står bak. Sverre Walderhaug har ordna med miks og opptak, Levi-André Leite spelar bass på låten, og Audiofarm med Svein Erik Åmås har også hatt ei hjelpande hand med i utgivinga.

Les saka i Møre-Nytt!