≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Lokalvalet 2011

Til vaksengenerasjonen

Frå ein engasjert ungdom.

Janne Nygård
onsdag 30. mars 2011 14.37

Til vaksengenerasjonen

No nærmar det seg kommune- og fylkestingsval, og eg har eit inntrykk av at vaksne i partipolitikken er interesserte i å få med seg ungdom både i offentlege ordskifte og på listene til valet. Ungdom vert ofte snakka veldig fint om i festtaler, og det å vere «ungdommeleg» er jo eit nesten alltid positivt ladd ord. Men i røynda kan det ofte vere vanskeleg å komme til orde som ung og engasjert.

Mange demokratiske og politiske organ legg rett og slett ikkje til rette for at ungdommen lett skal komme til orde, og eg trur mange vaksne klør seg i hovudet og ikkje heilt veit korleis dei skal få dei unge med på laget. Nokre vel kanskje å skulde på ungdommen sjølv: Vi sit berre heime om kveldane og ser på Paradise Hotel i staden for å bry oss om kva som skjer i lokalsamfunnet kring oss. Vi er ein curling-generasjon som har foreldre som kostar vegen for oss og som syr puter under armane våre. Som om det er vår feil at vi aldri fekk oppleve ein krig eller vår feil at vi no kan nyte godt av oljen vi pumpa opp frå Nordsjøen på 70-talet! Eg trur at det er på tide at dei vaksne ser seg sjølv i spegelen og stiller spørsmålet: Kva er det vi gjer feil?

Ungdom er engasjerte. Vi bryr oss om kvaliteten på skulen vi går på, vi bryr oss om sjukehustilbodet i kommunen vi bur i, vi bryr oss om kor ofte bussen forbi der vi bur og vi bryr oss om kva tilbod det er for ungdom etter skuletid i nærområdet vårt. Men det er ikkje alltid like lett å vite kvar vi skal kunne få sagt kva vi meiner på ein måte som gjer at det kan få reell innverknad. Av og til kan det av og til kjennest ut som det ikkje er noko poeng i å bry seg, sjølv for ressurssterke ungdommar med mykje på hjartet. Kanskje var det dei vaksne som la ned ungdomsklubben utan at vi fekk sagt vårt, og kanskje er det difor vi sit inne om kveldane og ser på tv.

Kva veit vel vi om kva det eigentleg vil seie å sitje i eit kommunestyre? Kva veit vel vi om kva saker som er moglege å innverke på i kommunen vår? Det meste vi kan har vi tileigna oss frå tørre samfunnsfagbøker, og det er ikkje alle som er velsigna med engasjerte og entusiastiske lærarar som klarer å formidle kunnskapen om korleis eit lokaldemokrati fungerer på ein overbevisande måte.

Ver så snill og snakk med oss, ikkje berre om oss. Om de vil ha med ungdommen på laget til hausten, så inviter oss på møter og ta opp saker som handlar om oss og gjer desse viktige i valkampen. Då trur eg fleire òg vil sjå poenget med å gå til valurnene i haust.


Oppdatert: onsdag 30. mars 2011 15.46
Kommentarar



Janne Nygård

Janne Nygård (f. 1989) er fødd i Jølster. Ho har bakgrunn frå den organiserte målrørsla og arbeider i Det Norske Samlaget. Ho er for tida busett i Berkeley, California.

 
ANNONSE: