Til topps på iTunes

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at filmen Lysleite vart vist i si heilheit på NRK tidlegare denne månaden har også interessa for musikken frå filmen auka.

Det er Sylvia Strand frå Ulsteinvik og mannen Jonathan Gregory frå Wales står bak musikken i filmen som skildrar mørketida og lyset.

I tida etter at filmen vart vist har albumet med musikk frå filmen vore det mest solgte "soundtrack"-albumet hjå iTunes. Der sel filmmusikken frå Lysleite meir enn til dømes musikken frå Hobbiten, Les Miserables og Disney-filmen Frost.

" Ein fantastisk og ikkje minst uventa suksess, spesielt sidan vi ikkje har hatt noko marknadsføring eller blitt spelt på radio", skriv Sylvia Strand i ein epost til Vikebladet Vestposten.

Også på Youtube er musikken til Strand og Gregory svært populære. I løpet av den siste veka har dei meir enn 45.000 visningar på fire videoar.

Les saka i Vikebladet!