– Til kamp mot ekspertveldet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det hevdar Per Egil Hegge, tidlegare redaktør i Aftenposten og forfattar av fleire bøker. Fleire gonger har han opplevd at sakkunnige i retten har levert uhaldbare rapportar med direkte feilaktige konklusjonar.

I desse dagar gjev han ut boka De suverene, som er «eit oppgjer med eksperttyranniet» i rettssalane. Det handlar særleg om dei sakkunnige, og særleg går det ut over rettspsykiatrane.

– «De suverene» er dei sakkunnige, ikkje av di dei er suverene, men av di dei vert behandla som det, og det er eit trugsmål mot rettstryggleiken. For også ekspertar tek feil, og retten skal ikkje leggja seg flat for ekspertutsegner.

– Likevel skjer det ikkje så sjeldan?

– Det var det riksadvokaten la opp til då den første psykiatriske rapporten kom frå psykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim i saka mot Anders Behring Breivik. Ekspertane hadde uttalt seg, og dermed var løpet køyrt.

– Men både riksadvokaten og leiaren i advokatforeininga, Berit Reiss-Andersen, gjorde kuvending?

– Ja, Reiss-Andersen snudde og hevda at nokre av dei sakkunnige oppfører seg som utsendingar frå Vårherre, og at ein hadde vore altfor servil overfor rettsapparatet. Det som gjorde at ein fann det fornuftig å oppnemna fleire sakkunnige, var at rapporten frå Husby og Sørheim vart kjend, og kvar den som er van med å lesa ein analytisk tekst, kunne sjå at det var eit makkverk.

Underkjenner rapporten
Hegge viser til at dei første som uttrykte seg kritisk, var svenske Johan Cullberg og Espen Søbye.

– Cullberg er psykiater, men utlending, så han kunne skjellast ut. Søbye var ikkje psykiater, men som dei fleste trena akademikarar veit han at ein konklusjon skal byggja på premissar. Det gjer ikkje konklusjonane i rapporten frå Husby og Sørheim. Berre det som står på sidene 84, 147 og 149 er nok til å underkjenna rapporten. Der fortel rettspsykiatrane at dei har gått bort frå reglane om å observera Anders Behring Breivik kvar for seg av di dei ikkje var emosjonelt eller intellektuelt i stand til det – og det siste er i alle fall rett.

– Vidare snakkar dei om Breiviks bisarre vokabular, men det er ikkje meir bissart enn når ein bilmekanikar brukar ord som kardang og støytdemparar. Det er ikkje vanleg tale ved frukostbordet, men det er ikkje bisarre ord. Og til slutt konkluderer dei med at Breivik har svak identitetsoppfatning av di han snakkar delvis om eg og delvis om vi. Sjølv snakkar også dei om vi, og spørsmålet er om også dei skal ha same diagnosen. Eg nemner også Lars Sponheim, som gjer det same, men som neppe har svak identitetsoppfatning.

– Dessutan har Husby og Sørheim kverna ut slike rapportar i lang tid, og ser ein på Husbys inntektsoppgåver, kan ein sjå at han har levd godt. Men ingen har sett på rapportane deira, ettersom dei skal vera hemmelege. Sjølv har eg opplevd at grovt feilaktige rapportar har vorte lagde til grunn for feilaktige rettsavgjerder. Men det har vore fillesaker for dei som det ikkje råka, og kvar gong har eg tenkt at kva skjer om me får ei sak som er så stor at dette vert kjent. Det ville verta ein kata­strofe for rettspsykiatrien, hevda ein kjend rettspsykiatar.

Livsfarlege
Riksadvokat Tor-Aksel Busch forsvara lenge den første psykiatarrapporten.

– I byrjinga av januar vedgjekk han at det ikkje ville ha vorte oppnemnt nye psykiatrar dersom ikkje den første psykiaterrapporten hadde vorte kjend. Eg ventar ikkje at han skal vera nokon jublande tilhengjar av lekkasjar, men han gjekk dermed langt i å vedgå nytteverdien i det. For dette er ei verksemd som ikkje har tolt dagslys, og slik skal me – etter mi meining – ikkje ha det i Noreg.

– Husby var nokså sikker då han erklærte Breivik som psykotisk og paranoid schizofren?

– Han sa at han aldri hadde vore i tvil, og folk som aldri er i tvil, er livsfarlege. Det veit eg; eg heldt på å verta enkjemann på grunn av at det vart stilt feil diagnose. Dei to andre psykiatrane sa at dei var så sikre som dei kan verta. Eg trur ikkje at Husby eller Sørheim er intellektuelt i stand til å skjøna den svært store avstanden som ligg mellom dei to utsegnene.

– Korleis reagerer du på den nye psykiaterrapporten frå Terje Tørrissen og Agnar Aspaas?

– Ut frå statistikken kunne ein ha ei aning om kva som var i vente. Tørrissen og Aspaas har kjent sine observandar tilreknelege i 82 og 88 prosent av tilfella, medan Husby og Sørheim har gjort det i 44 prosent. Difor har forsvarsadvokatar alltid vore på jakt etter Husby og Sørheim, for å få dei til å levera sine samlebandproduserte tingingsverk, seier Hegge.

Husby vil ikkje kommentera samlebandpåstandane frå Hegge, og Dag og Tid greidde torsdag ikkje å få kontakt med Sørheim.

Tyrannisk
Undertittelen på Hegges bok er «eit oppgjer med eksperttyranniet».

– Det er hard ordbruk?

– Ja, det er det. Men ei av dei rettssakene eg nemner i boka, er den Bergljot Tøtdal var involvert i. Der tok ekspertane heilt over og tynte henne for 400.000, som ho betalte før ho døydde. Det var ikkje noka vakker framsyning.
Tøtdals sak galdt eit tilfelle av uoppdaga kreft med spreiing. Først vart ho tilkjend ein million­sum i erstatning i tingretten, før ho tapte saka i ein forsterka lagmannsrett med to fagkunnige dommarar i tillegg til dei tre juristane.

«De to fagkunnige fikk styre som de ville: De var øyeleger, nære kollegaer av den saksøkte. Det var utrivelig å høre dem, men enda nifsere å se øynene deres hver gang blikket deres falt på saksøkeren. Det var tydelig at de var oppsatt på én ting: Hun skulle tape», skriv Hegge i boka.

– Det er det verste eg har opplevd i ein rettssal. Hatet frå dei fagkunnige dommarane var uhyggjeleg.

– Det verkar rart at fagfolk skal syna ei kreftsjuk dame eit slikt hat. Kva kan liggja bak?

– Kollegalojalitet.

– Var det ingen som prøvde å setja dei til veggs?

– Tøtdals advokat freista så godt han kunne, men dommaren var heilt uinteressert. Dei fagkunnige tok over heile butikken – som truleg er det rette ordet.

– Skjer slikt ofte?

– Det veit eg ikkje, men det statistiske sannsynet for at eg skulle ha opplevd det einaste tilfellet, er svært liten – så lite som eg har vore i retten.

– Kvifor har ikkje pressa vore meir oppteken av rolla til ekspertane?

– Det er eit kapasitetsproblem. Det kjem 550 sakkunnigerapportar i året, og nokre av desse sakene er småe og betydningslause for andre enn dei det gjeld. Dette er ei blanding av lirekasse, kvern og pengemaskin – som har surra og gått til bate for bankkontoane til dei sakkunnige.

– Du meiner at dei sakkunnige bidreg til mange katastrofar?

– Ja, og då tenkjer eg også på fagfolk på andre felt enn psykiatrien. Dessutan bør ein også passa på juristane, for det finst tillaup til ein uærlegdomskultur både blant juristane og somme av rettspsykiatrane. Det er ikkje heilt ærleg når Husby og Sørheim marknadsfører at rapporten deira er på 243 sider, utan å seia kor mange sider som er avskrift.

– Det er tankevekkjande at så mange har forsvara rapporten som du omtalar som eit makkverk?

– Ja, men det er snakk om lojalitet. Professor Thomas Chr. Wyller viste til at konklusjonen i rapporten var sanning av di det var ei ekspertutsegn. Til slutt i boka siterer eg Erich Honecker. Ein månad før Berlin-muren fall, uttalte han at muren kom til å stå i hundre år – ei ekspertutsegn frå ein mann som hadde stått bak bygginga av muren.

Uærleg
Hegge dediserer boka si til tre personar:   kreftsjuke Bergljot Tøtdal som tapte rettssaka, ein anonym e-brevskrivar som meinte at Hegge må vernast mot seg sjølv, og professor Einar Kringlen, som har mykje av æra for tilstandane i norsk rettspsykiatri.

– Kvifor dedisera boka til Kring­len?

– Då rettssaka mot psykiater Harald Reppesgård kom opp, skreiv eg at det ikkje var bra at han hadde fått vera rettspsykiatrar. Då skreiv Kringlen i Aftenposten at «innen fagmiljøet var han ukjent». Også det er eit døme på uærlegdomskultur. Kring­len meinte at det var pressa si skuld at Reppesgård vart kjend. Viss ingen hadde skrive om det, hadde det vore greitt, og han kunne fått halda på i fred.

– Du meiner at Reppesgård fekk halda på for fritt og for lenge som rettspsykiatrar?

– Ja, men på grunn av lojalitet lèt dei vera å gripa inn. Seier ein det til Kringlen, svarar han at det er ubehageleg å diskutera med psykiatrar, og det er eg heilt samd med han i, seier Hegge.
Kringlen vil ikkje kommentera dette i Dag og Tid.

Svært fornuftig
I Hegges bok er det fleire som får passet påskrive, og mellom dei er også tidlegare dekanus ved Juridisk fakultet, Jon T. Johnsen.

– I februar vart han på fjernsynet spurd om det ikkje betyr noko at dei to nye sakkunnige følgjer reglane, og då svara han: «Nei, eg trur ikkje det!» Når ein professor i offentleg rett seier på fjernsynet at det ikkje har noko å seia at ein følgjer reglane i observasjonen av han som står bak det mest avsindige brotsverket i Noreg sidan 1945, kan det vera grunn til å reagera. Vert det eit oppvaskmøte på Juridisk fakultet, vil eg tru at det er av interesse for både landet og rettstrygg­leiken.

Hegge meiner at ein ikkje kan unngå ein debatt om bruken av psykiatrisk sakkunnige, og at resultatet kan verta ein ny kvardag for dei. Han meiner at me treng ein grundig gjennomgang av regelverket for dei sakkunnige sin plass, oppgåve og myndigheit i rettsvesenet.

– Tysdag uttalte riksadvokaten at han vil ta initiativet til ein gjennomgang av posisjonen til psykiatrane i norsk rettsvesen, og det er svært fornuftig. Viss ikkje riksadvokaten gjer noko, får ein setja sin lit til stortingspolitikarane.

– Kva råd vil du gje?

– Det er ikkje min jobb å gje råd; det er min jobb å finna ut kva som har skjedd og fortelja om det.

– Men du meiner at oppgjeret kan verta ubehageleg for rettspsykiatrane?

– Ja, for nokre av dei, alt medan andre meiner at det skulle ha vore teke eit oppgjer for lenge sidan.

– Du meiner også at ein må sjå på makta til juristane?

– Ja, og ein må sjå på den etiske delen av utdanninga deira, som er for dårleg. For nokre år sidan, i Jon T. Johnsens tid som dekanus, fjerna dei førelesingane i etikk. Sidan Noregs Banks investeringsfond har ein juridisk rådgjevar, burde kanskje også Juridisk fakultet ha det.

– Du skriv også at du ikkje drøymer om at juristar skal ha så høg moral som pressefolk. Er du ironisk, eller meiner du det på alvor?

– Eg er ironisk – og eg kjenner nokre juristar som vil forstå ironien!