Tema: Lokalvalet 2011, Musikk, Kriminalitet, Rus, Narkotika

Til finalen i Rapvalg

Shift rappar om sexmisbruk, narkomisbruk og staten som sviktar.

Svein Olav B. Langåker
onsdag 10. august 2011 11.05

Til finalen i Rapvalg Pressefoto

Namn: Christoffer Strøm/Shift  
Frå: Fødd og oppvaksen på Nesttun i Bergen
Alder: 23 år

Kvifor er du med i Rapvalg?
– Eg har drive på med musikk lenge, og føler eg har eit godt bodskap til både born og unge. Har gjeve ut to gratisalbum og dessutan tre gratis mixtapes sidan eg byrja å rappa, og veit at det er dette eg ynskjer å drive med i framtida. Eg har heller ikkje eit eige studio, og det kostar dessverre pengar å spela inn låtar med den typen kvalitet eg ynskjer. Så eg skreiv ein samfunnsrelatert låt og senda han inn til Rapvalg i håp om å vinne 50.000 kroner, så eg kan kjøpa mitt eige studio.

Kva tre saker ville du først gjort noko med, om du hadde vore i ordførar i Bergen?
– Ordførar faktisk. Nei, først og fremst ville eg sørgja for at avrusingsklinikkar og rehabiliteringssenter fokuserte på at dei narkomane faktisk blei rusfrie, i staden for at dei blir overført frå heroin til metadon, alkohol til tablettar osb. Så ville eg fokusert på born og ungdom, at dei får den hjelpa dei treng (skular, fritidsaktivitetar, etc) sidan det per dags dato er så enkelt å hamna ut på feil spor. Og om eg sto i makt til å auka timelønnen til menneske som går på jobb kvar dag for å hjelpa andre menneske som dei eldre, utviklingshemma, narkomane og ikkje minst unge, så hadde eg gjort det.

Er du med i eit politisk parti?
– Nei.

Kvifor ikkje?
– Eg synest det er fleire negative enn positive sider ved kvart parti.

Du har ein sterk tekst. Har du folk du kjenner som har vore borti noko slikt? Som har fått liva øydelagt av staten eller andre?
– For omkring 2 år sidan var eg rusmisbrukar sjølv, og har i løpet av karrieren "min" som det både mista venner og venninner til døden. Eg fekk den hjelpa eg trong på Østerbo Evangeliesenter (Ein medisinfri rehabilitering som utruleg nok ikkje får statleg støtte), og i dag har eg ikkje noko som helst kontakt med det miljøet. Men eg høyrer stadig om gamle kjenningar som kjem inn på statlege avrusingar der dei får både det eine og det andre rusmidlet på resept for å bli avvendt det dei var hekta på. Eg synest det er tragisk at det er sånn, og at dei meiner at dei hjelper narkomane ved å gjere det på den måten er for meg latterleg.

– Som eg seier i finalesangen på Rapvalg; "Ho eg kjende sa Ja til LAR. Forlova med døden var alt ho var".

Kva meiner du om legalisering av marihuana?

– Vi har alle vakse opp og vorte fortalt av menneske vi respekterer (foreldre, leger, lærarar, politi etc.) at marihuana er eit livsfarleg rusmiddel. Men faktum er at i løpet av 10.000 år har det ikkje vore eit einaste dødsfall i verda på grunn av marihuana, men på berre éit år er det omlag 400.000 menneske som mistar livet på grunn av nikotin i USA. Ser du skilnaden? Det er no 13 statar i USA som er pro-marijuana for medisinsk bruk, marihuana er avkriminalisert i England, og det er lovleg i det fredelege landet Amsterdam. Eg trur at når resten av verda forstår denne planta og eigenskapane til den, vil det bli legalisert. Den einaste bakdelen med denne planta er at ein må oppsøkja eit kriminelt miljø for å kjøpe det, sidan det per dags dato er ulovleg i Noreg.

LES OGSÅ: Raparar vil påverke


Oppdatert: onsdag 10. august 2011 20.24
Kommentarar 1

Faktaboks

Høyr og les rappen til Shift her!

Rapvalg blir arrangert av Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) og Tomorrow People. Denne veka blei dei 13 finalistane plukka ut blant 28 semifinalistar. 8. september blir vinnaren kåra på Blå i Oslo.

Sjå og høyr alle finalistane her!