Tidlegare finsk president får språkpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkpris til finsk eks-president

– At ein politisk bauta som Martti Ahtisaari klyver opp på barrikadane for det svenske språket er av avgjerande betydning for Finland som eit tospråkleg land, skriv Foreningen Norden i ei pressemelding.

Dette er sjette gongen Foreningen Norden, som jobbar for å fremja nordisk samarbeid, deler ut språkprisen.  

Prisen går til ein person eller organisasjon som på ein innovativ og god måte bidreg til å styrka den nordiske språkforståinga.

LES OGSÅ: Finske kjendisar drapstruga for å snakka svensk

Svenske byggjeklossar
Sjølv om Finland ifølgje grunnlova er eit tospråkleg land, vert det med jamne mellomrom stilt spørsmål ved om ein bør halda på svensk som offisielt språk.

Juryen legg vekt på Ahtisaari sitt engasjement for nordisk samarbeid og svensk språk i Finland.

Han framhevar svensk som ein viktig byggjestein i finnane sin nordiske identitet og som ei bru til nordisk samarbeid, heiter det i grunngjevinga.

Prisen, som er eit kunstverk signert kunstnaren Ørnulf Opdahl, vert delt ut tysdag 1. desember i Oslo.

LES OGSÅ: Vil fjerna svensken frå Finland

Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

Jakob Oftebro (2014)

Vigdís Finnbogadóttir (2013)

Ghita Nørby (2012)

Timbuktu (2011)

Fredrik Skavlan (2010)

Kjelde: Foreningen Norden