Thea Hjelmeland debuterer som filmkomponist

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hjelmeland lagar Hevn-musikk

Når skrekkfilmen Hevn snart har premiere på norske kinoar er det Thea Hjelmeland si stemme som skal få det til å gå kaldt nedover ryggen på publikum.

Til Bergensavisen fortel den kritikarroste artisten at ho alltid har hatt lyst å laga filmmusikk.

Difor var ho ikkje vanskeleg å be då spørsmålet kom.

– Den største utfordringa mi var å skapa ein illusjon som folk trur på, forklarar Hjelmeland, som har freista å leva seg inn i karakterane i filmen for å laga den rette stemninga.

Sjølv tykte ho filmen var spanande – til og med utan musikk.

LES OGSÅ: Villmark2-regissøren er ikkje lettskremt

Filmen er ein tydeleg Vestlandsproduksjon. Både regissør Kjersti Steinsbø og hovudrolleinnehavar Siren Jørgensen er frå Stord i Hordaland.

I tillegg er filmen delvis spelt inn ved Sognefjorden.

– Det er ein stad som er vakker og dramatisk, i tillegg til at eg har identitetstilknytning derfrå, seier musikar The Hjalmeland.

Det vert festpremierar både i Førde, Sogndal, Bergen og på Stord før noregspremieren 6. november.

LES OGSÅ: Duka for Hevn på Vestlandet

Høyr låta her: