Terror som slow-TV

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Døgna etter at Mohamed Lahouaiej Bouhlel på den franske nasjonaldagen køyrde ein lastebil gjennom folkemassane på promenaden i Nice, var ein studie i ein veksande innhaldslaus terrorjournalistikk. Sjølve hendinga – fakta – blei ganske raskt klarlagt; kva som hadde skjedd, kor mange som blei drepne og skada, kven gjerningsmannen var. Resten av tida i dei endelause TV-sendingane blei brukt til å rapportere om redsla, utan omsyn til at redsle er ein tilstand som veks dess meir vi snakkar om han.

Kanskje er det overdoseringa i nyheitskanalane som har fått journalisar i fleire land til å stille seg sjølve det enkle spørsmålet: Dersom terror er ei smittsam samfunnsliding, kan det vere at media er dei viktigaste smitteberarane?

Mellom 1984 og 1987 opplevde Wien ei dramatisk auke i talet på personar som tok livet av seg ved å kaste seg framfor undergrunnsbanen. Kvart sjølvmord fekk stadig større omtale i media, fordi det kunne sjå ut som byen var ramma av ein epidemi. Først etter tre år innsåg journalistane at det kanskje var ein samanheng mellom omtale og frekvens. Mistanken blei stadfesta då avisene slutta å rapportere om nye tilfelle. Talet på folk som kasta seg framfor toga, sank raskt med 75 prosent. Det same skjedde då media i San Fransisco slutta å rapportere om alle som kasta seg utfor Golden Gate-brua, den staden i verda med flest registrerte sjølvmord. Då medieomtalen blei borte, sank talet på nye tilfelle dramatisk.

I begge tilfella var det fagfolk som gjorde media merksame på det som blir kalla Werther-effekten, etter Johann von Goethe sitt verk.

Den unge Werthers lidelser». Då boka kom ut i 1774 kopierte ei rekkje unge menn eksempelet til Werther og skaut seg. Sjølvmordsforskarane har lenge vore klar over kopieffekten. Då pressa sin eigen Ver Varsam-plakat blei revidert for 10 år sidan, blei denne kunnskapen operasjonalisert. Punkt 4.9, sjølvmordsparagrafen, inneheld derfor denne åtvaringa: «Unngå skildringar av metode eller andre forhold som kan vere med på å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.» Vi treng ein tilsvarande terrorparagraf.

Laurdag 13. august angreip ein 27 år gammal sveitsar andre passasjerar på eit tog ved Salez i Sveits. Ei kvinne og gjerningsmannen sjølv døydde i åtaket, fleire andre er kritisk skadde. 10. mai blei ein mann drepen då ein psykisk sjuk mann gjekk laus på togpassasjerar ved München i Tyskland. 18. juli blei tre personar alvorleg skadde då ein 17 år gammal afghansk flyktning stakk ned tilfeldige passasjerar på eit tog i Würzburg i Tyskland. Gjerningsmannen blei skoten og drepen.

Fordi journalistikk ofte består i å leite etter mønster i tilsynelatande tilfeldige hendingar, blir kvart slikt åtak no handsama som ei langt større nyheit enn annan vald. Vi får store oppslag om terror på toga og redsla for å reise med det tryggaste av alle framkomstmiddel veks. På same tid aukar vi truleg faren for at andre psykisk ustabile menneske vel toget som arena for valdshandlingar.

Avisa Le Monde, nyheitskanalen BFMTV og TV-stasjonen France 24 er blant dei franske media som har vedteke at dei heretter ikkje vil publisere fleire bilete av personar som har utført terrorhandlingar. Vedtaket er blitt kritisert av både generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforeining og fleire av medlemmene hans, og med god grunn. Men også norske redaktørar og journalistar bør setje seg saman og diskutere korleis vi kan dekkje den openberre nyheita ei terrorhandling er, utan at dekninga blir ei medverkande årsak til nye åtak.

Forskarane er for lengst i gang med å dokumentere den avanserte mediestrategien til terroristane, det er både dumt og uansvarleg om ikkje media sjølve gjer sitt yttarste for å forstå denne strategien og drøfte korleis vi alle kan bidra til at denne strategien ikkje lukkast.
 

Først publisert på NDLA med CC-lisens.

LES OGSÅ: Når terroren råkar – igjen og igjen

LES OGSÅ: Brått ville alle ha meir overvaking