Terror i Istanbul: – Eg såg takplater og veggar som hadde rasa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vart augevitne til øydeleggingane i Istanbul

Saka er henta med velvilje frå Vikebladet Vestposten.

Oscar Sundal var på forretningsreise og landa i Istanbul uvitande om terrorangrepet som nett hadde skjedd. Han trur dei var det siste flyet som fekk landa før flyplassen og luftrommet vart stengt. Flyet stoppa ved sida av flyplassen, og Sundal fortel at dei såg folkemassane gjennom vindauga på flyplassen. Det verka å vere full panikk.

– Eg såg dette, og skrudde av flymodus kort tid etterpå. Eg fekk så vidt skrudd på telefonen før ein kollega ringte meg for å sjekke at eg var i live. Då fortalte han kva som hadde skjedd. Eg sjekka då nokre nettaviser og vart opplyst om kva som føregikk.

Sundal fortel at terrorangrepet var heilt ferskt og det var kaos på flyplassen. Bussar fulle av folk køyrde rundt på rullebana for å frakte dei vekk fortast mogleg.

Etter om lag ein halvtime køyrde flyet til ein gate borte frå flyplassen. Der vart dei ståande ein time og vente, før dei endeleg fekk beskjed om det som hadde skjedd. Fleire hadde i ventetida spurt flyvertinnene og vist dei bilete og artiklar, men dei berre rista på hovudet. Likevel var det tydeleg at dei òg var prega, fortel Sundal.

– Hadde flyet landa ein halvtime før hadde vi vore midt i det.

Ein bil kom med mat og vatn. Det gjekk om lag to timar til før noko skjedde. Flyplasstilsette byrja då å lesse av bagasjen, og mindre grupper av passasjerar fekk gå av og hente bagasjen sin. Dei vart frakta med buss til terminalen og ført gjennom flyplassen. Dei gjekk forbi bombeområdet, men der var satt opp skiljeveggar. Likevel fortel Sundal at det var enkelt å sjå over dei.

– Eg såg at takplater og veggar hadde rasa, og det var blod på golvet.

Etter å ha blitt ført ut måtte dei klare seg sjølve. Dei fekk berre to opplysningar, fyrst at angrepet hadde skjedd og så at dei fekk gå av flyet. Der var inga oppfølging. Sundal reiste då vidare på jobb.

Meir å lesa?

Etter terrorangrepet i Paris vart folkemarkeringar i gatene avlyst. Natur og Ungdom-leiar Arnstein Vestre meiner det var viktigare enn nokon gong å gå til gatene.