Tenkjetankar vil ha norsk kongeval

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må Haakon Magnus veljast?

– Vi treng eit valkongedøme. Haakon treng tilliten frå folket før han tiltrer, seier Lars Martin Mediaas, generalsekretær i den venstre-sentrum-orienterte tenkjetanken Progressiv til Ny Tid.

Personleg er Mediaas er kongehustilhengjar. Likevel ber han kronprins Haakon gjere som oldefar sin, prins Carl, gjorde i 1905:

– Han bad om tillit frå folket, fekk det og blei kong Haakon VII, seier han.

– Det er bra med eit statsoverhovud som kan samla nasjonen, som kan ha lengre perspektiv enn ut stortingsperioden, og som ikkje er ein del av det politiske miljøet eller spelet. Men sidan vi lever i eit demokrati, bør overhovudet til staten veljast av folket, seier Mediaas.

Heller ikkje tidlegare statsminister Kåre Willoch (H) ser bort frå at ei folkeavstemming om statsforma vil vere nyttig viss det oppstår strid om kongehuset. Det kjem fram i fredagsutgåva av vekemagasinet Ny Tid.

I den høgreorienterte tenkjetanken Civita, som samlar både monarkistar og republikanarar, er dei einige, skriv Aftenposten.

– Monarkiet blei innført gjennom folkeavstemming i 1905, og med tanke på at demokratiet er vesentleg breiare i dag, hadde det ikkje vore skadeleg med ei ny folkeavstemming med omsyn til legitimitet. Men kronprins Haakon bør i så fall be om ei folkeavstemming over monarkiet som institusjon, og ikkje han sjølv som person, seier historikar Eirik Løkke og filosof og jurist Morten Kinander, begge i Civita. (©NPK)

Kva meiner du? Bør Haakon Magnus veljast til konge?