Tenkjer grenselaust

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv utan dei mest hektiske gjennomfartsårene, kjøpesenter og store hjørnesteinsbedrifter – har bygda Øyfjell med 300 innbyggjarar, auke i folketalet og mest bustadbygging i heile Vinje Kommune.

– Målet må alltid vera å skape ei bygd folk ynskjer seg, seier Anne Kvaale Bjerk – innflyttar og styremedlem i bygdeutviklingsprosjektet Øyfjell Utvikling, som jobbar for nye innbyggjarar, kultur og næringsliv.

Viktige kvalitetar
– Folk har eit meir medvite forhold til kvalitetane ved staden dei skal busetje seg, enn det dei hadde tidligare. Likevel er det i stor grad den fyrste jobben, som vert avgjerande for kvar ein vel å busetje seg – også på sikt. Til dømes har ungdom, som har vorte rekruttert til distrikta gjennom ulike traineeprogram, ofte vorte verande i regionen. Det fortel avdelingsleiar ved Distriktssenteret, Ingvill Dahl.

Ho visar til tal frå SSB si bu- og flyttemotiv-undersøking frå 2008, som og viste at par ofte flyttar dit jenta kjem frå.

LES OGSÅ: Beste kulturregion etter Oslo

Tilflytting
I desse dagar jobbar Distriktssenteret med ei større undersøking, der dei vil måle effekten av landets mange tilflyttingsprosjekt. Kor mange busett seg, og gjer det dei på grunn av prosjektet?

– Vi har lite kunnskap, om kor vidt desse prosjekta faktisk verkar. Sjølv om dei som driv dei merkar positive verknader, er dette noko vi har for forskingsmateriale om. Det er og vanskeleg å isolere prosjekta, frå røynslene i samfunnet elles. Sjølv om folketalet aukar, kan det vera resultat av andre faktorar, seier forklarar Dahl.

LES OGSÅ: Aldri ferdig klokka fire

For Anne og kjærasten Halvor, var tilflyttingsarbeidet og bygdeutviklingsprosjektet Øyfjell City, ein utløysande faktor.

– Det var nok det som gjorde at vi tok steget, at vi valde å busetje oss i nett denne bygda, forklarer Anne. For sjølv om dei begge er frå regionen, var det ikkje sjølvsagt at det var i Øyfjell dei skulle bygge hus.

Prosjektet
Som hjå mange andre bygdesamfunn, starta det i Øyfjell med eit ynskje om å redde skulen. Då trong ein nye innbyggjarar. Så i 2007 starta arbeidet opp, med tomtearbeid, næringsutvikling, kulturarbeid, og aktiv marknadsføring med fokus på galskap. Det har vore dugnadstimar, prøvebustader, trivselstiltak, nye aktivitetar og nasjonal merksemd.

LES OGSÅ: Tips til eit godt liv på bygda

– Eg trur det viktigaste ein har fått til, er ein ny måte å tenkje på. Galskap er lov, og det kan vera fint å tenkje grenselaust, seier Anne.

Dragsuget
Skiløype, fleire kafear, vatn å padle i, god plass og mange aktivitetar, er nokre av kvalitetane Anne Kvaale Bjerk trekkjer fram ved bygda. Men det er likevel ikkje det viktigaste.

– Folk er alt, og her er bygdefolket toppen, sler Anne fast.

LES OGSÅ: Slik vil distriktsfylka få deg heim

Også resten av vennegjengen på 14, valde Øyfjell. Før var det scooterturar og bygdefestar. Seinare har det vorte ammeklubb, trilleturar og sosialisering i heimane.

At nettverk er viktig, vert og stadfesta frå forskarhald.

– Spesielt når ein får barn, er nettverk viktig. Så for ein del, er nok det også ein faktor i valet av kvar ein vil busette seg, avsluttar Ingvill Dahl.