Tende lys for rettferdig handel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 6. november tende Changemaker lys i stigeformasjon og på stigar i mellom anna Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø, Molde og Lillehammer. Dette for å setje søkelyset på den urettferdige norske handelspolitikken.

– Noreg nektar utviklingsland høvet til å bruke dei same politiske verkemidla som har skapt grunnlaget for norsk næringsutvikling og rikdom. Det er som å klatre opp ein stige, for så å trekke den opp etter seg, seier Markus Nilsen, leiar i Changemaker.

Han viser til at Noreg har brukt aktiv næringspolitikk for å bygge nye industriar gjennom tidene. Energipolitikken har sørga for at utanlandske investeringar i både vasskraft- og oljeverksemda har skapt positive ringverknader og vekst.

– Vi har vorte gode fordi vi kravde å få lære, påpeikar Nilsen. Likevel krev Noreg gjennom Verdas handelsorganisasjon at ei rekke utviklingsland ikkje skal ha det same høvet til å prioritere lokale aktørar framfor rike lands verksemder.

På sisteplass
Denne veka melde Aftenposten at Noreg kjem på sisteplass i ei kåring av utviklingsvennleg handelspolitikk. Center for Globale Development har sett på ulike faktorar som bidreg til utviklingshjelp.

Noreg skårar nest best, etter Sverige, totalt sett, mellom anna på grunn av pengebidrag. Men av dei 24 landa som er målt, kjem Noreg på sisteplass når det gjeld utviklingsvennleg handelspolitikk.

Fleire markeringar
Changemaker har lokalgrupper over heile landet, og desse illustrerte utviklingsstigen med ulike lys-stigar mange ulike stader søndag kveld.

Denne lysaksjonen er avslutninga på den nasjonale ChangemakerUKA med debattar, seminar, konsertar og aksjonar for ein meir rettferdig handelspolitikk

Faktaboks

Changemaker er Noregs største utviklingspolitiske ungdomsorganisasjon med om lag 1700 medlemmer og 15 lokallag. Changemaker er ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp.