Teknologien som vil endre liv

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konsulentfirmaet McKinsey har i ein rapport kome fram til dei 12 teknologiske nyvinningane, som dei meiner vil ha mest å seie dei komande åra, melder Videnskap.dk.

Teknologien er valt ut med bakgrunn i grad av teknologisk endring, potensiale for utbreiing, økonomisk verdi, og potensiale for økonomiske ringverknader.

LES OGSÅ: Hundar er som born

Frå kommunikasjon til energilagring
Her er nokre av vidare- og nyutviklingane som ifølgje McKinsey vil påverke ditt liv dei komande åra:

– Stadig billegare og betre tilgang til mobilt Internett.

Intelligente softwaresystem, som kan utføre kunnskapsarbeid.

Sjølvstendige køyretøy, som kan fungere med litt eller ingen menneskeleg innblanding.

Fornybar energi.

Avanserte materialar, med unike og overlegne eigenskapar, som lette og funksjonalitet.

Energilagring, einingar eller system som kan lagre energi til seinare bruk.

Avanserte robotar, robotar med forbetra sansar, ferdigheiter og intelligens, som kan automatisere oppgåver eller hjelpe menneske.

Cloud-teknologi, hard- eller softwareressursar via Internett.

Ein ny generasjon genforsking.

The Internet of things, nettverk av maskiner og sensorar til dømes til innsamling av data og overvaking.

Avansert olje- og gassteknologi, som vil gjere oppdaging og utvinning av olje og gass meir økonomisk.

LES OGSÅ: Fann urgamal elg

3D-printaren
Ei anna teknologisk utvikling som vert løfta fram av McKinsey, er 3D-printaren. Den kan lage objekt ved å printe ut lag av materialar, basert på digitale modellar. Printaren opnar for heilt nye produksjonsmogelegheiter, ifølgje Thomas Skjødeberg Toftegaard ved Institutt for ingeniørvitskap ved universitetet i Århus.

– Det ser ut til at prisen på 3D-printarar har falle til eit nivå som gjer at dei kan nå ut til massene. Det kan innebere eit nytt produksjonparadigme, der ein kan produsere sine eigne produkt heime i garasjen, seier han til Videnskap.dk.

3D-printaren er allereie i bruk. Mellom anna melde NASA tidlegare i juli at dei saman med Aerojet Rocketdyne hadde testa delar av ein rakettmotor, som var laga ved hjelp av ein slik printar.

Etter den vellukka testen, melde NASA at 3D-printing kan tyde eit skifte både på jorda og i rommet. Kostnadar og tidsbruk knytt til produksjon vert kraftig redusert, og NASA ser føre seg å ein gong i framtida kunne printe ut reiskapar, motordelar, eller til og med heile romfartøy.

LES OGSÅ: Dødsfrykt i kvar bit