Tek superheltinne til Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tek super- heltinne til Falturiltu

Den  nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord har valt Ingelin Røssland som festivaldiktar i 2011. Festivalen vert arrangert for femte gong andre veka i november.

– Me synst ho er ein verdig festivalforfattar. Ho er ung, men ho er klart å gje ut mange bøker – nok til å utmerka seg. Dessutan har ho ein heilt eigen måte å snakka med ungdom på, som gjer at ho har noko ekstra å bidra med. Til og med gutar, lesesvake og uinteresserte treff ho rett i magen, seier leiar i programkomiteen for Falturiltu, Hege Myklebust.

Gutar i kø
– Gjennom til dømes dei siste bøkene om Engel Winge skriv ho på ein spennande og engasjerande måte, understrekar ho.
Ingelin Røssland har delteke som forfattar på Falturlitu før ein gong, og hadde opplesing på Nysæter ungdomsskule.

LES OGSÅ: Her er favorittboka di!

– Då  stod gutane i kø for å låna bøkene hennar på biblioteket, fortel Myklebust.

Journalist og prislønna
Ingelin Røssland er oppvaksen Tysnes i Sunnhordland, og bur no i Stockholm.

Ho debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen "Viss du vil" på Det Norske Samlaget.

Har jobba som journalist i lokalavisene Tysnes og Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Fram til desember 2007 var ho tilsett i NRK der ho jobba som journalist og producer for fjernsynsprogrammet Newton. No jobbar ho som forfattar på heiltid.

Ingelin Røssland er leiar for NB U (Norske barne- og ungdomsbokforfattarar) sitt litterære råd.

Sjå video frå Samlagsbloggen til Ingelin Røssland, om ein forfattar bør øva framfor ei opplesing eller satsa på naturleg sjarme:

Faktaboks

Bøker av Ingelin Røssland:
"Englejakt", 2010
"IKON Diana", 2010
"Englejakt", 2009
"Kunsten å inhalera/Flyt", samlepocket 2009
"Englefjes", 2008
"Monstertanta", 2007, 2008
"Handgranateple", 2006
"Flyt", 2002
"Kunsten å inhalera", 2001
"Viss du vil", 1998

Har tidlegare fått desse prisane:
Ibby Honour List 2008
Blei tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris
Vinnar av UPrisen 2007.
Sigmund Skard-stipendet 2007.
Sunnmørsprisen 2006.

Les meir i:
Allkunne
Wikipedia
Ingelin.no
Engelwinge.no