Tek oppgjer med lagidretten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennom ei historie skriven på skulen, der oppgåva var å skriva om noko som har gått inn på deg, skreiv Andrea Lidal Røysum, ærleg om kva som gjorde at ho ikkje lenger fann det moro å spela verken handball eller fotball.

Usminka
Pappa Tommy Lidal, meinte den usminka sanninga frå ei tenåringsjente kunne vera ein tankevekkjar også for trenarar og lagleiarar, og sende den difor vidare til idrettslaget.

– Det er heilt sikkert fleire med meg som har opplevd det same og mange kjem nok heilt sikkert til å oppleva det. Difor vonar eg at mi historie kan vera med å gje eit andlet til alle dei som ikkje får speletid på laget sitt, seier Andrea.

LES OGSÅ: – Foreldre betalar kva som helst

Kutta ut
Det er gått eitt år sidan 14-åringen tok avgjerda om å kutta ut all lagidrett og heller finna seg aktivitetar som var meir individuelle.

Det heile toppa seg under Norway Cup, som ho saman med lagveninnene hadde gleda seg til i lang tid. Alle betalte 2500 kroner for å vera med på verdas største fotballturnering.

– Eg fekk knappe ti minutt speletid under heile turneringa på grunn av topping av laget, fortel Andrea.

Ho har forståing for at det er dei beste som skal få spela mest når ein kjem høgare opp i aldersklassene, men tykkjer ikkje det er rett at det skal skje i så ung alder.

– Me fekk heile tida høyra at dei som var ivrigast på trening også skulle få mest speletid, men teori og praksis stemde ikkje overeins når me kom til kamp. På ei fotballturnering som Norway Cup betalar også alle like mykje og då bør det vera ei viss rettferd i fordeling av speletid, meiner Andrea.

LES OGSÅ: Idretten skyv fattige frå seg

Sårbare
Den tøffe jenta vedgår gjerne at ho vart såra og lei seg av det som skjedde.

– Kjensla av å føla seg åleine, at du ikkje strekk til sjølv om du gir alt, er ikkje god. I denne alderen er både jenter og gutar veldig sårbare og mange kan bli prega av det psykisk når dei opplever å bli utestengde på denne måten.

Andrea som i dag driv med dykking, klatring, står på ski og er med i speidaren, understrekar at lagveninnene aldri har stengd ho ute på noko vis. Dei er ho vener med også utanfor bana.

– Mange av dei såg at eg var lei meg, og besteveninna sa også ifrå til trenaren kva ho meinte. I ettertid har me to snakka mykje om dette.

LES OGSÅ: Mindre aktive i Sogn og Fjordane

I søkjelys
14-åringen vonar at hennar historie kan gjera at klubbleiarar og krets, anten det er handball eller fotball, kan setja meir søkjelys på dette problemet. At det kan bli ein debatt kring problemet om korleis prioriteringane bør vera.

– Vonaleg kan dei også følgja med på kva som skjer i dei ulike laga i aldersfast­lagde klasser, seier Andrea.

I dag er ho glad ho kan vurderast ut frå sine eigne prestasjonar og ikkje bli målt opp mot andre, men legg ikkje skjul på at det var trist å måtta gje seg med fotballen som ho likte kjempegodt.

Pappa til Andrea, Tommy Lidal, meiner det er feil og ikkje følgje reglane ein sjølv har sett, då med tanke på at omt ein møter opp på treningane så skal ein få spela. Men er glad for at det finst annan idrett og aktivitet som er litt meir karakterskapande utan at ein er avhengig av andre.

LES SAKA I SOGN AVIS!