Tar motorsporten til nye høgder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert på Ryfylke.net.

– Jobben med å skapa eit større miljø og auka aktiviteten i klubben starta alt i fjor. Målet er å arrangera tre klubbløp i haust, og med dette samla erfaringar til å igjen kunna arrangera større motocrossløp på banen i Sauda, seier Svein Terje Solvang, leiar i Sauda Motorsportklubb.

Les også: Droppa fotball til fordel for motocross

Sauda Motorsportklubb blei etablert tidleg på 2000-talet. Sommaren 2007 fekk klubben omsider den nyutbygde motocrossbanen med støyvollar på Birkelandsmoen formelt godkjent.

Klubben har fleire gonger opp gjennom åra arrangert Vestlandsmesterskap i motocross med godt over 200 deltakarar på startstreken og 4-500 publikummarar på sidelinja.

Les også: Vil motivera jenter til motorcross

Dei siste åra, derimot, har klubben hatt eit langt lågare aktivitetsnivå. Spesielt vanskeleg har det vore å rekruttera nye, unge utøvarar til klubben. Det er fleire år sidan det sist blei arrangert ein større konkurranse på banen på Birkeland.

Les også: Gjev motorundervisning i kulturskulen

– Motocross krev ein del av foreldre, både økonomisk og tidsmessig. Slik sett har det vore enklare å rekruttera folk over 18 år, som sjølv har jobb og pengar til å bruka på sporten, forklarer Solvang