i samarbeid med ABC Startsida
I helga dreg Magnus Ofstad Malnes og Elisabeth Løland til New York for å representere norsk ungdom under generalforsamlinga til FN.
Svein Olav B. Langåker
fredag 1. oktober 2010 15.17
Elisabeth Løland (26) og Magnus Ofstad Malnes (22) dreg til New York og generalforsamlinga til FN.
Magnus Ofstad Malnes (22) og Elisabeth Løland (26) er vald ut som ungdomsdelegatar for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og skal vere på generalforsamlinga frå 4.-15.oktober.
- Halvparten av verdas befolkning er under 25 år, men nesten alle som har makt i verda er så gamle at dei knapt minnast korleis det var å vere ung. Difor er det viktig at unge menneske får vere med og bestemme i FN, seier Elisabeth, som er nyvald leiar i KrFU i ei pressemelding frå LNU.
Organisasjonsfridom på agendaen
Under generalforsamlinga vil ungdomsdelegatane jobbe spesielt med retten til å organisere seg for ungdom.
- Vi vil setje fokus på land som undergrev retten til å bli høyrt og organisere seg. Barn og unge må få snakke fritt utan å vere redde for trugsmål, å bli satt i fengsel eller valdelege reaksjonar, seier Magnus.
På talarstolen
Magnus er tillitsvald i European Students’ Union og tidlegare internasjonalt ansvarleg i Norsk Studentunion. Neste veke skal han halde eit innlegg om nettopp organisasjonsfridom frå talarstolen i generalforsamlinga.
- Vi vil legge press på desse landa slik at ungdom i andre delar av verda kan få oppleve meir av den fridomen og innverknaden som norsk ungdom har, seier Magnus og Elisabeth.
Innlegget og andre nyhende frå opphaldet i New York, vil kome på lnu.no dei neste to vekene. Ungdomsdelegatane er også allereie i gong med å blogge på LNUBlogg, og vil gjere det under heile opphaldet.