Sweatshop-Frida: – Vi er rike fordi dei er fattige

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er rike fordi dei er fattige

 Frida Ottesen var ein shoppar, som reiste til London berre for å handle. Men det var før.

– Eg handlar ikkje hos dei store kjedene lengre. Om eg treng noko byter eg med vener eller handlar på etiske butikkar, fortel ho.

Andre sesong av realityserien Sweatshop rullar no over nettbrett, laptopar og tv-skjermar. Saman med dei andre jentene i serien, reiser Frida tilbake til Kambodsja. Denne gongen jaktar dei på leveløn blant arbeidarane som produserer kleda vi går i.

Hemmeleghald og luseløn
Serien syner dei store utfordringane i klesbransjen, mellom anna med luseløningar, lange arbeidsdagar og hemmeleghald kring arbeidsvilkår. Det er vanskeleg for arbeidarane å organisere seg og gjere seg høyrt. Kortidskontraktar gjer det enkelt for fabrikkleiinga å seie opp arbeidarar utan grunn og mange vert svartelista om dei har engasjert seg.

LES OGSÅ: Det er ditt val – billeg eller etisk?

Her heime kjøper vi billege klede i stort volum. Framtiden i våre hender arrangerte nyleg eit frukostmøte om klesbransjen, der dei illustrerte skeivfordelinga med eit døme: For ei bomullskjorte som vert solgt for 300 kroner i Noreg, får bomullsplukkaren typisk 13 øre og syarane 1 krone og 20 øre. Kjeda/butikken stikk av med 150 kroner, og merkevareselskapet 99 krpner. I tillegg kjem transport og andre kostnadar.

– Det nyttar å engasjere seg
Organisasjonen var initiativtakar til Sweatshop-seiren, og er godt nøgd med dei 8 millionar syningane av sesong 1 «Sweatshop – Dødsbillig mote». Sweatshop 2 har mellom anna blitt delt på Facebook av skodespelar Ashton Kutcher, kjent frå That 70s show og Two and A Half Men.

Gjennom dokumentarserien har Frida møtt menneske som har gjort sterkt inntrykk på henne.

– Noko av det eg hugsar best var møte med underleverandørar, som leverte plagg til fabrikkane. Dei fekk betalt per plagg, og det innebar at dei ofte berre sydde heile tida. Å sove er å miste inntekt. Då byrjar ein å spørje seg kva som er meininga med livet. Eg veit at eg ikkje hadde klart det, fortel Frida, når Framtida.no møter henne på frukostmøtet.

Ho har stor tru på bevisstgjering som eit middel mot urettvise arbeidsvilkår.

– Det viktigaste eg har lært av å vere med i serien, er at det nytter å engasjere seg og stille opp i saker ein trur på. Eg trur at auka bevisstheit blant forbrukarane er veldig viktig, og at produsentane på sikt vil vende seg etter våre verdiar, seier Frida.

«Kleskjedene bør eige sine eigne fabrikkar»
Sweatshop-deltakaren skildrar serien som ei mental reise.

– Som forbrukarar må vi legge press på kleskjedene. Vi må setje pris på kleda vi går med, og hugse at alle saumane er sydd av eit menneske, meiner ho.

LES OGSÅ: Forbrukarane har makt

No er ho meir aktivist enn shoppar, og under frukostmøtet argumenterte ho for at dei store kleskjedene bør eige fabrikkane sine sjølv. Vanleg praksis er å leige fabrikklokale, noko som opnar for å stadig flytte produksjonen dit prisane er lågast.

Ifølgje Carin Leffler i Framtiden i våre hender byrja produsentane å flytte frå Kina rundt 2010, då krava vart strengare i landet. No er Kambodsja og Bangladesh blant landa Noreg importerer mest klede frå, men forventinga er at land som Etiopia og Egypt snart vil byrje å gjere seg gjeldande i statistikken.

– At kleskjedane sjølv eig butikkane ser eg på som ei heilt konkret løysing, som gjer det umogleg å fråskrive seg ansvar for arbeidsvilkåra. Slik det er i dag flyktar kjedene frå ansvaret, i staden for å gjere arbeidstilhøva betre. At det er for dyrt er berre noko tull. Å hente ut millionoverskot medan arbeidarane får slaveløn er grotesk, seier Frida.

Vil pålegge klesbranjsen å gi informasjon
Eit stort problem i klesbransjen er hemmeleghald kring tilhøva. I Sweatshop kan ein sjå korleis Frida og dei andre jentene forsøker å kome seg inn på fabrikkar for å undersøke arbeidstilhøva, utan å få tilgong.

Eit forslag som kan endre dette, er etikkinformasjonslova, som vil pålegge klesbransjen å oppgi informasjon når forbrukarar, organisasjonar og andre spør.

Forslaget liknar miljøinformasjonslova, som var heilt avgjerande for det valdsame engasjementet rundt palmeoljesaka for nokre år sidan. Håkon Lindahl frå Grønn Hverdag, som først byrja bevisstgjeringa kring palmeolje i norske produkt, slo under frukostmøtet fast at den kraftige reduksjonen i bruk av palmeolje i Noreg ikkje hadde vore mogleg utan lova, som seier at produsentane må gi informasjon om produkta sine når nokon spør.

Klesbransjen har ikkje i dag det same kravet. Etikkinformasjonslova, som er føreslege av KrF, Sp og MDG, skal handsamast i Stortinget i byrjinga av juni.

– I dag er det svært vanskeleg å vite kva som er etisk produserte klede. Med ei etikkinformasjonslov vil forbrukarmakta kunne verke, ved at vi premierer dei flinke produsentane og skvisar ut dei dårlege. Då vil marknaden endre seg, og kjedene som ikkje produserer rettferdig vil bli valt vekk, sa Kjell Ingolf Ropstad, stortingsrepresentant for KrF.

Åsmund Aukrust, som er stortingsrepresentant for Ap, sa at også hans parti var positive til forslaget.  

LES OGSÅ: Klesbransjen under lupa