– Sviktar mindreårige asylsøkarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I statsbudsjettet er det klart at regjeringa ikkje tek i bruk det siste høvet i denne valperioden til å plassera omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år i barnevernet.

– Det er bra at barnevernet får meir ressursar i årets statsbudsjett, men samtidig bør barnevernet ha ansvar for å verne alle born som oppheld seg i Noreg. Prinsippa for barnekonvensjonen gjeld for alle born, òg dei einslege mindreårige asylsøkarane mellom 15 og 18 år, seier Martin Østerdal, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Regjeringa skriv i statsbudsjettet at dei vil byggja ned mottakskapasiteten for einslege mindreårige asylsøkarar og leggja ned Skiptvedt omsorgssenter.

– I Soria Moria 2 uttalte regjeringa at det var eit mål å leggja ansvaret for mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år over til barnevernet, men at ressurssituasjonen sannsynlegvis ikkje ville tillata det. Men no snakkar jo regjeringa om overkapasitet, og denne kunne jo då vorte brukt til å sørgja for eit forsvarleg tilbod til aldersgruppa 15- 18 år, i staden for å leggja ned omsorgsinstitusjonar, seier Østerdal.

Dagens ordning, der ansvaret for mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år ligg hos UDI, fører til stor variasjon på kor godt dei eldste mindreårige asylsøkarar blir teke vare på i dei ulike kommunane.

– Mindreårige asylsøkarar har rett til likt nivå på helsetenester, bustad og omsorg, uavhengig av der dei bur. Det har ikkje dei mellom 15 og 18 år i dag. Samtidig er det viktig å hugsa at born er ulike og har ulikt behov for omsut og oppfølging. I motsetnad til UDI har barnevernet barnefagleg kompetanse. I tillegg har UDI ei dobbeltrolle overfor dei mindreårige asylsøkarane, som både saksarbeidar og omsorgsperson, seier Østerdal.

Ifølge ungdomsorgranisasjonen til Redd Barna, PRESS, kom i fjor 858 mindreårige asylsøkarar til Noreg. Sidan 2002 har 442 born forsvunne frå omsorga til UDI, utan at nokon veit kvar dei er i dag.

Les meir om statsbudsjettet her! 

Faktaboks

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har laga si eiga side for statsbudsjettet der dei går gjennom det meste som har med barn og unge å gjera.

Gå til statsbudsjett-sida til LNU her!