– Svenskane vrakar Bergen på grunn av dialekten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svenskane fryktar bergensk

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at meir enn 35.000 svenskar har innvandra til Noreg. Så mange som 37 prosent av dei har slått seg ned i Oslo, mens berre 3 prosent av dei held til i Bergen, skriv Bergens Tidende (BT).

– Det er faktisk svært lite. Eg blir overraska sjølv, seier stipendiat Ida Tolgensbakk ved Universitetet i Oslo til avisa.

Ho forskar på unge svenskar i Noreg og har funne fleire grunnar til at svenskane vel hovudstaden. At dei frå før har venner og søsken i byen, og at Oslo ligg nært Sverige, er to grunnar, men bergensdialekten er også ei årsak, meiner Tolgensbakk.

QUIZ: Förstår du vad jag säger?

– Eg har sett at undersøkingar som lingvistar har gjort, som stadfestar at svenskar faktisk lettare forstår språket i Oslo. Det er i alle fall ei førestilling dei svenske ungdommane har sjølve, seier ho.

BT skriv at det finst mange sider på Facebook for svenskar i Oslo. Den største har nesten 17.000 medlemmer. For svenskar i Bergen finst det éi, og den sida har under tusen medlemmer. (©NPK)

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt