SV vil pakka meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner at me no har det klart beste partiprogrammet for nynorsk, seier Johnsen, fylkesleiar og stortingskandidat for Sogn og Fjordane SV.

I helga fekk ho med seg landsmøtet i partiet på eit forslag om at Den kulturelle skulesekken (DKS) skal ha eit breitt tilbod av kulturproduksjonar på nynorsk, saman med ei rekkje forslag for å styrka nynorsken i opplæringa (sjå faktaboks).

Føremålet med forslaget er at barn og unge skal bli eksponert for nynorsk gjennom kultur, også i bokmålsområde, forklarer Johnsen.

– Me meiner ein må vera medviten når ein kjøper inn produksjonar til Den kulturelle skulesekken, at ein også tenkjer språkpolitisk. Elevane møter saktens nok bokmål, seier ho.

Forslaget kom frå eit mindretal i landsstyret, og hadde støtte frå mellom andre partileiar Audun Lysbakken. Sjølv om fleirtalet i landsstyret i utgangspunktet var imot, fekk forslaget trygt fleirtal på landsmøtet.

Vil ikkje stå åleine
DKS er finansiert av tippemidlar og ligg under den statlege etaten Kulturtanken, men det er kommunane og fylka som kjøper inn kulturproduksjonar til sine skular.

Guro Kleveland, kommunikasjonsleiar i Kulturtanken, skriv i ein epost at det finst mange produksjonar på nynorsk i skulesekken allereie, men har ikkje oversikt over kor mange.

Ho fortel samstundes at det ikkje finst nokon språkpolitiske føringar eller mål for DKS i dag.

– Det er aktørar rundt om i landet som lagar og leverer produksjonar til ordninga Den kulturelle skulesekken, ikkje vi i Kulturtanken, peikar Kleveland på.

Sidemålsdebatt blei stoppa
I førsteutkastet til nytt arbeidsprogram føreslo eit mindretal i programkomiteen ein kursendring for SV i språkpolitikken, då dei gjekk inn for å fjerna eksamen og karakter i sidemål.

Då førsteutkastet blei lagt fram, stod det opphavleg at fleirtalet gjekk inn for å svekkja sidemålet, noko som vekte oppsikt blant målfolket. Dette viste seg å vera feil.

LES MEIR: KorrekturSVikt skapte sidemålskrøll

Forslaget blei uansett stoppa i partiorganisasjonen, og var ikkje oppe til debatt under landsmøtet, etter kva Framtida.no forstår.

Faktaboks

Nynorskpunkt i arbeidsprogrammet til SV for 2017-2021:

• alle elevar skal møte både nynorsk og bokmål tidleg i skuleløpet
• undervisning, karakter og obligatorisk eksamen i hovudmål og sidemål både i ungdomsskulen og studieførebuande vidaregåande opplæring
• elevane i ungdomsskulen skal få rett på opplæring i hovudmålet og rett til å høyre til i eigen målformgruppe («Odda-modellen»)
• nynorsk språkstimulering i barnehagen i nynorskområde, og sikra at barnehagelærarutdanninga gjev studentane god kompetanse i både nynorsk og bokmål.
• sikra at lærarutdanningane gjev tilstrekkeleg kompetanse til dei som skal undervise i nynorsk som hovudmål og sidemål
• norskopplæringa for vaksne innvandrarar skal skje på nynorsk i nynorskkommunar