SV: Vidaregåande bør bli obligatorisk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SVs programkomité går inn for å gjera vidaregåande skule obligatorisk for alle under 18 år. Det kjem fram i førsteutkastet til eit nytt arbeidsprogram for 2017-2021, ifølgje NTB.

– Før var det mange jobbar ein kunne ta utan fagbrev eller studiekompetanse, men dei blir færre, sa Nicholas Wilkinson, medlem i komiteen, til NTB. Han fortel at programkomiteen måtte spørja seg om dei eigentleg lurer ungdom ved å sei at det finst ei framtid utan vidaregåande opplæring.

Dette er enno ikkje eit konkret forslag frå SV, men eit tema dei ønskjer skal bli diskutert. Dei er også bevisste på motargumenta, som kjem frå mellom anna Elevorganisasjonen.

Dei er meir skeptiske. Leiar Sylvia Lind seier til NTB at dei ikkje ønskjer obligatorisk vidaregåande skule, rett og slett fordi skule ikkje er for alle.

– Me må heller jobba med å retta opp svikten som gjer at så mange droppar ut av skulen i dag.

Les meir:

Fråfall i vidaregåande har vore eit problem lenge – men kanskje trenden snur no?

Då Samira Christina Denz (20) droppa ut av vgs følte ho seg utanfor. Ein annleis skule vart løysinga.

Nokon er strengare enn andre – på denne skulen kan du ikkje komma eitt sekund for seint.