Sundtoft får leiarrolle i Paris

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft har fått oppgåva å leie forhandlingane om ambisjonane i den nye klimaavtalen i COP21.

Ho skal leie forhandlingane saman med St. Lucias miljø- og energiminister, James Fletcher.

LES OGSÅ:Einige om nytt klimautkast

Ansvar for langsiktig visjon

Oppgåva blir å leie arbeidet med å utforme ein langsiktig visjon i avtalen, der dei nasjonale måla skal verte oppdatert, og den jamlege gjennomgangen av korleis avtalen vert følgt opp av landa.

Regjeringa skriv på sine nettsider at dette samsvarar med måla Noreg har jobba lenge for å få inn i avtalen.

– Eg reiste til Paris for å få ein avtale som set verda på sporet av togradersmålet, og som må bli sterkare over tid. No skal vi leie forhandlingane om nettopp dette, seier  Tine Sundtoft på regjeringa sine nettsider.

– Vi skal stå på dag og natt, og ingen skal kunne sei at vi ikkje gjorde kva vi kunne, seier ho.

Lars Haltbrekken deltok i klimaparaden under folkets klimatoppmøte i Paris. Foto: Andrea Rygg Nøttveit.

LES OGSÅ:Fagungdom meiner Noreg er bakstreversk

Vil ha sterkare løfte om kutt
Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet er i Paris. Han gratulerer Sundtoft med oppgåva, og stiller samstundes nokre krav.

– Vi gratulerer Sundtoft med oppgåva. Det å få på plass dei langsiktige måla for klimaavtalen blir ein av dei aller viktigaste oppgåvene den siste veka. Avtalen må både ha eit langsiktig utsleppsmål og forpliktingar om finansiering av klimatiltak i sør, inkludert tilpassing, seier Haltbrekken.

– Sundtoft må sikre at måla om utsleppskutt blir store nok til å unngå dei farlegaste konsekvensane av klimaendringane, seier han.

Han er ikkje nøgd med løfta om utsleppskutt som no ligg på bordet.

– Dei er for svake og må verte forsterka i åra framover.

Naturvernforbundet er også kritiske til Noregs tankegang om klimanøytralitet.

– I verste fall vil det gjere oss avhengig av massiv skogplanting som vil gje store konfliktar med matproduksjonen. Måla Sundtoft skal få semje om, må sikre at utslepp frå fossil energi vert kutta innan 2050, seier Haltbrekken.