Suldalsposten er årets lokalavis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er årets lokalavis

Tildelinga fann stad under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Bergen laurdag kveld.

LES OGSÅ: Beste lokalavisa i Europa 

Glitrande skribentar
Suldalsposten kjem ut to dagar i veka og dekker primært Suldal kommune.

Juryen meiner mellom anna at vinnaravisa tek vare på historie, identitet og tradisjon, samstundes som ho peikar framover og plasserer seg godt i det nye mediebildet.

Dei sju kvinnene som driv årets lokalavis vart spesielt hylla som glitrande nynorske skribentar. Juryen meinte at med eit vakkert språk, skil Suldalsposten seg ut som ei avis som på førebiletleg vis ikkje berre er ein berar av det journalistiske handverket, men òg den skriftlege kulturarven.

Redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland jubla av glede då prisen var eit faktum.

– Dette er eit resultat av lagarbeid over tid. Me er på mange måtar litt av alt det LLA står for: Samhald, fellesskap, entusiasme og ein stor porsjon vilje til stadig å ta nye steg. Og så er det jo litt moro at alle sju i avisa er kvinner, strålte Espeland, ifølgje ei pressemelding.

LES OGSÅ: Frå kjøkkenbordet til lokalavisa 

God front i Kvinnheringen
LLAs jury delte òg ut heidarleg omtale til Askøyværingen og Våganavisa.

Same kveld fekk Asgeir Olden, tidlegare redaktør i Nynorsk pressekontor, LLAs heiderspris. Han er i dag tilknytta Institutt for Journalistikk i Fredrikstad.

Årets lokalavisfoto gjekk til Anne Jo Lexander i Askøyværingen, marknadsprisen til Gjesdalbuen og LLAs journalistpris til Bernt Ivar Bergum i Hallingdølen. 

Den nynorske lokalavisa Kvinnheringen fekk prisen for årets lokalavisside for ein seks sider lang reportasje frå Kaizers Orchestra sin siste konsert i Stavanger i september i fjor. 

I tillegg vart Ståle Melhus, redaktør i Fanaposten, gjenvalt som styreleiar i LLA under landsmøtet.