Suksessfulle eller snille barnebarn? Det er vårt val!

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette innlegget var først publisert på Magasinett.

Vi skal lære oss å gå. Vi skal ete pent. Vi skal sitte stille. Vi skal på skule. Vi skal rekne. Vi skal lese. Vi skal skrive. Vi skal argumentere godt for oss.

Vi skal lye og vere flittige. Vi skal ta høg utdanning. Vi skal klare oss sjølve økonomisk. Vi skal få ein god jobb. skal stå tidleg opp og få noko ut av dagen. Vi skal vere sterke. Vi skal halde oss i form. Vi skal vere effektive. Vi skal sjå bra ut. Vi skal få familie. Vi skal bygge hus. Vi skal vaske huset. Vi skal feire jul. Vi skal på ferie. Vi skal vere hardtarbeidande. Vi skal stå tidleg opp og få noko ut av dagen. Vi skal vere sterke. Vi skal halde oss i form. Vi skal vere effektive. Og vi skal for guds skyld ikkje vere late.

Alt dette skal vi, mens mobbing, egoisme, framandfrykt, krig, flyktningkriser, terror, stormaktskrig og skeiv fordeling av ressursar herjar samfunnet vårt. Vi klør oss i hovudet og lurer på kvifor alle desse problema straumar på, kvifor vi er så slemme med kvarandre.

Då vil eg seie: 

Når lærte vi å snille? Når lærte vi å ta vare på kvarandre? Når lærte vi å stelle dei sjuke? Når lærte vi å  dele? Når lærte vi å bry oss om menneske utanfor vår sirkel? Når lærte vi å vere medmenneske framfor å vere suksessfulle? Når lærte vi å applaudere dei lyttande, dei tålmodige og dei omsorgsfulle, og ikkje berre gründeren som tener fett?  Når lærte vi om andre kulturar, ikkje om verdsreligionar men om kvardagen, haldningane og tankane til menneske i andre land? Når lærte vi å vise genuin interesse ovanfor andre menneske? Når lærte vi å ta vare på oss sjølve og andre når vi har det vondt? Når lærte vi å stå saman, å kjenne seg eitt med alle menneske? 

Vi blir det vi oppfordrar kvarandre til å bli. Vi blir det vi  applauderer høgast for. Vi blir det vi blir elska for å bli; for kven vil vel ikkje bli elska? Eg gjentar: Når lærte vi at det er viktigare å vere medmenneske enn hardtarbeidande individ med økonomisk gevinst, i eit samfunn som ikkje eingong tåler meir vekst?

LES OGSÅ: Ungdom blir diskriminert i samfunnsdebatten