Suksess for bokhandelstunt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vêrdame og Linda Eide les Leikvoll

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

– Det har vore fint å treffa alle desse menneska som set pris på hans forfattarskap. At det lever vidare, og at det når ut, det var det som var målet, seier Christine Leikvoll, søster til forfattar Jan Roar Leikvoll.

Frå lørdag til mandag vart det opna popup-bokhandel i Skostredet i Bergen, utelukkande via bøkene til Jan Roar Leikvoll.

– Det har vore veldig intenst med ein bokhandel som har vore open 12 timar dagen i tre dagar, fortel Christine.

– Det har vore tre dagar til ende med ein verkeleg hyllest til Jan Roar. Eg har hatt mange fine møte med for eksempel unge litteraturstudentar som gløder etter å ha lese Jan Roar sine bøker, og som vil lesa meir. Mange som kom innom stilte seg uforståande til kvifor dei ikkje har høyrt om han før, fortel ho.

LES OGSÅ: Popup- stunt for Leikvoll sine bøker

– Andre var veldig fasinert av konseptet, det vekte nysgjerrigheit, kva er det med denne forfattaren.

– Mellom anna kom det innom unge forfattarspirer. Måten Jan Roar skriv på, og motet han viser med desse bøkene, inspirerer dei til å tora meir sjølv, seier ho. Eg har òg møtt mange veletablerte forfattarar som òg finn veldig inspirasjon i Jan Roar sine bøker, det gjer veldig inntrykk, seier ho.

– Det har vore fint å treffa alle desse menneska som set pris på hans forfattarskap. At det lever vidare, og at det når ut, det var det som var målet, å gjera forfattarskapen hans meir kjend.

LES OGSÅ: Jan Roar Leikvoll er død

Ho rosar Christian Kjelstrup som står bak stuntet med popup-bokhandel.

– Engasjementet hans har vore heilt utruleg, seier ho.

– Det har vore ein fin erfaring, gøy at vi klarte å nå ut så breitt som vi kunne klare, seier Kjelstrup, som og legg stor vekt på dei mange fine møta han har hatt med folk som har kome innom.

LES OGSÅ: – Riktig å lage bok av dette

– Laurdag stengde eg 3.15. Det kom inn folk som trudde det var ein pub. Plutseleg sit det fem gutar i hettegenser heilt stille i sofaen og les Leikvoll, det var fint, seier Kjelstrup, og legg til at han selde ein siste bok på nattoget på veg heim til Oslo.

Kjelstrup hadde med seg 500 bøker, 100 av kvar bok som er utgjeve.

– Det var eit ambisiøst antall, men eg selde ut nesten alle bøkene, fortel han.


Det stemningsfulle lokalet var via utelukkande til Jan Roar Leikvoll sitt forfattarskap. (Foto: Morten Sæle)