Styrkjer nordisk matframtid

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nordiske ministrane for fiske, jordbruk, matvarer og skogbruk møttest i Sverige i juni.

Der bestemte dei seg for å gå saman om å sikre tilpassing av nordiske jordbruksvekstar til det nye klimaet, skriv Nordisk ministerråd.

Møter dei same klimaendringane
Med ein større samla innsats, skal matministrane unngå å hamne på sidelinja i det globale kapplaupet om å utvikle nye matvarer.

Dei fem nordiske landa har ulike føresetnader og syn på landbruk og matproduksjon. Dei er likevel underlagt dei same klimaendringane. I tillegg er dei små aktørar på den globale marknaden.

LES OGSÅ: – Vi skyv dyret ut av kjøtet

Det forsterka samarbeidet skjer i form av eit offentleg-privat partnerskap for planteforedling, som i dei neste åra skal bidra til forsking og betring av ei rekke jordbruksvekstar.

– I ei globalisert verd og med eit skiftande klima er det essensielt at vi sikrar matproduksjonen vår på det lokale og regionale planet, seier Dagfinn Høybråten, Nordisk ministerråds generalsekretær.

Prosjektet skal vare frå 2014 til 2017, med moglegheit til forlenging til 2020.

Sosial og økonomisk utvikling
Føremålet med prosjektet er å sikre forsking og utvikling av ei rekkje jordbruksvekster i Norden og Arktis.

LES OGSÅ: Bygdeoptimisten

– For å sikre ein variert og motstandsdyktig bestand av husdyr og vekster må ein konstant utvikle og tilpasse sjølve genpoolen, eller den eigentleg basen, for vidare avl og hausting. Det krev langsiktig innsats som ikkje kan handsamast av kommersielle aktørar åleine, heiter det på vevsidene til Nordisk ministerråd.

Nordisk ministerråd peika òg på den sosiale og økonomiske utviklinga i distrikta.

– Den nye bioøkonomien rommar eit stort potensiale for å sikre arbeidsplassar og produksjon i distrikta, og vi skal samarbeide for å utvikle det potensialet. På den moderne landsbyda er det plass til nye tiltak og innovasjon på ei lang rekkje område, seier matministeren i Sverige, Eskil Erlandsson. 

LES OGSÅ: Grøn utdanning i medvind