Styresmaktene har fått nok av toppkarakterar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Karakterskalaen har vore brukt ulikt ved forskjellige lærestader og ved forskjellige institutt ved same lærestad. Enkelte lærestader viser at dei ikkje har forstått korleis skalaen skal brukast, og brukar gode karakterar for å vise kor flinke studentar dei har, seier Carl Henrik Görbitz, leiar av ei arbeidsgruppe som har utarbeidd nye retningslinjer for korleis universitet og høgskular bør bruke karakterskalaen, til Teknisk Ukeblad.

Hovudbodskapen frå arbeidsgruppa, som er nedsett av Universitets- og høgskolerådet (UHR), er at færre no skal få toppkarakterane A og B. Derfor får utdanningsinstitusjonane i desse dagar eit brev med dei nye retningslinjene.

– Dei skal gi ei standardisering av karakterbruken, noko som både studentar, lærestader og potensielle arbeidsgivarar vil vere tent med. I dette ligg også at verdien av karakteren C skal bli oppgradert. I dag har den eit ufortent dårleg rykte, seier han.

Innstramminga vil i første omgang gjelde vurdering av masteroppgåver innan teknisk-naturvitskaplege fag, sidan det er der A/B-delen er høgast, og skal gjelde frå og med studieåret 2013. (©NPK)

Les òg: Jenter får høgare karakterar