Studentar vil ikkje ha Venstres masterstøtte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje ha masterstøtte

– Forslaget vil ikkje bidra til at studentane får meir tid eller ressursar til studiane, men derimot premiere dei som allereie lykkast, seier NSO-leiar Marianne Andenæs til NTB. Ho meiner pengane i staden burde ha gått til å få fleire igjennom studieløpet.

– Norske studentar treng auka studiestøtte for å kunne prioritere studiane framfor deltidsjobb, ikkje nye økonomiske gulrøter for å bestå eksamenar. Ein er allereie i dag avhengig av å bestå eksamenar for å få omgjort studielån til stipend, seier ho.

Ordninga som er del av budsjettforliket på borgarleg side, vil gjere at lånebelastninga for femårig utdanning blir den same som for eit fireårig utdanningsløp. Tiltaket har ein berekna kostnad på 134 millionar kroner i året, frå og med 2018.

– Dette er noko eg er spesielt glad for å ha fått på plass. Vi er opptekne av å skape betre karrieremoglegheiter for lærarar, og i dag er ikkje fordelane gode nok for studentar som vil bruke eitt år ekstra på utdanninga si, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande til NTB søndag.

Les fleire studentsaker her!