Tema: Høgare utdanning, Bustad

Studentar må på sovesal

Det er rekordmange studentar i Sogndal som enno ikkje har fått seg hybel.

Camilla Skjær Brugrand, Sogn Avis
torsdag 18. august 2011 10.10

Studentar må på sovesal UTAN HYBEL: Mange studentar ventar på å få seg hybel. I mellomtida må dei bu på sovesal.

Desse studentane har blitt sendt til Vesterland for å bu på sovesal til dei har funne seg noko meir permanent.

– Eg har høyrt at det er 30–50 studentar som ikkje har fått seg hybel, seier Meral Mercanglo, som er ein av dei som no bur på sovesal.

Skummelt
Direktør for studentorganisasjonen SISOF, Randi Marie Sjøholt, seier det er skummelt at så mange studentar ikkje har fått seg hybel enno.

Meral Mercanglu er særs beskymra over situasjonen. Om knappe ein månad skal ho ha eksamen i juss og før den tid treng ho ro og fred til å lesa, og viss det ikkje løyser seg vurderer ho å reisa heim.

LES SAKA I SOGN AVIS!


Oppdatert: torsdag 18. august 2011 10.10
Kommentarar 0