Tema: Høgare utdanning

Studentar flyktar frå Arbeidarpartiet

Ikkje lenger raudt fleirtal mellom studentane i Noreg.

Svein Olav B. Langåker
onsdag 24. november 2010 15.56

Studentar flyktar frå Arbeidarpartiet Jens Stoltenberg (Ap) taper røyster blant studentane til både Liv Signe Navarsete (Sp) og Kristin Halvorsen (SV). FOTO: SMP

Dette viser ei undersøking utført av Sentio på vegne av Norsk studentorganisasjon og Universitas. Arbeidarpartiet går tilbake frå 32 prosent i mai 2009 til 23,5 prosent no i november.

Høgre kaprar nest flest sympatisørar blant studentane. Dei går opp frå 17,2 til 20,8 prosent. Venstre og Sosialistisk venstreparti går også fram.

Professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot, er ikkje overraska over den dalande oppslutninga til Arbeidarpartiet. Han meiner at svingningen er eit resultat av feil fokus.

– For at studentane skal snu i tilhøve til de raud-grøne trur eg regjeringa må slutte å snakke så mykje om forsking og heller snakke spesifikt om universitet og høgskular, seier Aarebrot til Universitas.


Oppdatert: torsdag 25. november 2010 09.33
Kommentarar 0

Faktaboks

  • AP: 23,5 prosent (32)
  • Høgre: 20,8 prosent (17,2)
  • SV: 16,1 prosent (14,8)
  • Venstre: 10,9 prosent (8,4)
  • FrP: 10,8 prosent (10,5)
  • Raudt: 4,8 prosent (4,6 )
  • SP: 5,3 prosent (4)
  • KrF: 3,9 prosent (6,2)
  • Andre: 3 prosent (?)
  • Kjelde: Universitas