Studentar etterlyser meir nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er flautt å ikkje kunne ordentleg nynorsk når me studerer nordisk og snart skal læra det vidare.

Bjørn Anders Johansen (23) er på sitt tredje år i lektorutdanninga med nordisk ved Universitetet i Oslo.

Trønderen er òg på sitt tredje nynorskkurs i regi av Studentmållaget i Oslo.  

– Uansvarleg
Styremedlem i Studentmållaget i Oslo, Vegard Storsul Opdahl, stiller frivillig opp for å læra usikre studentar substantiv og verbbøying på nynorsk.

Den engasjerte målungdommen erfarer at mange studentar etterspør tilbodet deira og er ikkje i tvil om at Universitetet bør setja opp eit betre tilbod om nynorskundervisning.

– Det er ganske uansvarleg. Som ein profesjonell aktør bør dei utdanna lærarar som er kvalifiserte til jobben. Det handlar ikkje om språkpolitikk, men respekt for seg sjølv som utdanningsinstitusjon.

Minimum karakter 3 i norsk
Undervisninga for norskstudentane er delt mellom Institutt for lærarutdanning og skoleforsking (ILS) og Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN).

I innføringsemnet nordisk litteratur 1800-2000 skal elevane skriva ei obligatorisk oppgåve på nynorsk, medan studentane vert testa i begge målformer på eksamen i norsk grammatikk. I sistnemnde innføringsfag står «Praktisk nynorsk for lærarstudentar» på pensum.

Debatt: For dårleg nynorskopplæring for lærarar

I tillegg er korleis å undervisa nynorsk som sidemål, tema i norskdidaktikken fjerdeåret.

– Når eg er ute og observerer og vurderer studentane i praksis, har eg sett mange undervisingsopplegg i nynorsk, og eg har sjeldan hatt noko å utsette på nynorskkompetansen til desse studentane, skriv førsteamanuensis i norskdidaktikk, Jonas Bakken, i ein e-post til Framtida.no.

Han understrekar at lektorstudentane må ha minimum karakter 3 i norsk for å kome inn på studiet, men at kompetansen sjølvsagt kan variera noko på ulike område.

Professor og undervisningsleiar Ingebjørg Tonne understrekar at det mogleg og tilrådeleg med sjølvstendig arbeid med stoffet.

– Når det gjeld moglege endringar i opplæringa for nordisklektorstudentane, vil det skje etter vurderingar me gjer heile tida av alle temaa i studiet. Det inneber innslag i sjølve undervisninga, omfanget av læremateriale og krav til målform i obligatoriske arbeid og ved eksamen, skriv Tonne i ein e-post til Framtida.no.

Ho meiner gruppetimane i grammatikk opnar for systematisk arbeid med nynorskpensumet og plar sjølv å visa til NTNU sine nettressursar med Kristin Fridtun

– Heng etter frå ungdomsskulen
Det var nettopp praksiserfaringane, som gjorde at Christoffer Cabiao fann ut at han måtte ta eit ekstra nynorskkurs.

Thale Raad har på si side funne ut at ho må jobba meir med sidemålet sitt etter eksamen i nynorsk.

– Eg kunne ikkje godt nok nynorsk frå før og Universitetet tek seg ikkje tid til det grunnleggjande. Difor heng me etter frå ungdomsskulen, forklarar 23-åringen frå Bærum.

Bjørn Anders kan ikkje hugsa at sidemål hadde særleg høg prioritet på barne- og ungdomsskulen i Trondheim, difor fekk han aldri nynorsk under huda.

For medstudentane Christoffer og Thale, var det annleis. Dei fortel om engasjerte norsklærarar, som ikkje klarte å engasjera elevane.

– Eg trur det var god nok undervisning, feilen var at eg ikkje gadd, seier Thale, som får støtte av Christoffer:

– Ein veit ein bør øva, men eg syntest ikkje nynorsk var så gøy, fordi det var vanskeleg.

Christoffer meiner bokmålselevane sjølv må jobba med sine haldningar til nynorsk. Sidan 23-åringen frå Lørenskog har minoritetsbakgrunn hadde han høve til å søkja fritak, noko han ikkje gjorde.

Mengdetrening
Alle tre er samde om at mengdetrening og meir pugging hadde gjort susen. Dei meiner at Universitetet ikkje kan ta for gitt at elevane kan nynorsk godt nok til å bli lektorar i nordisk etter ungdomsskulen.

– Kanskje må nynorsk positivt diskriminerast, slik at me skriv meir nynorsk enn bokmål, føreslår Christoffer, som får støtte av Vegard Storsul Opdahl:

– Det funkar ikkje med berre 25 prosent nynorsk. Dei ser for lite nynorsk i utgangspunktet, difor treng dei minst 50 prosent.

LES OGSÅ: Ikkje gi meg lærarar som ikkje kan læra