Strid om sidemål i Høgre

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag er det duka for debatt om framtida til sidemålet i ungdomsskulen. Unge Høgre er blant dei står bak eit forslag om å gjera dette valfritt i ungdomsskulen. Til no har Høgre berre gått inn for dette i vidaregåande skule.

– Me har to skriftsspråk i Noreg, og det er viktig at alle har kjennskap til det. Men eg har ikkje sterke meiningar om det bør vera skriftleg undervising eller ikkje, seier partileiar Erna Solberg til VG Nett laurdag ettermiddag.

 

Torger Ødegaard, skulebyråd i Oslo, seier dette til avisa:

– Me må gje elevane høve til å styrkja ferdigheitane sine i hovudmålet sitt.

– Som kamp for auka skjenketider i KrF
Arne Hjeltnes er ein som ikkje likar forslaget.

– Viss nokon meiner noko er for komplisert å læra, bør ikkje løysinga vera å fjerna det, seier tv-kjendisen og sentralstyremedlemmet til VG Nett. Han samanliknar nynorskkamp i Høgre med å slåst for utvida skjenketider i KrF.

Ordføraren i verdas største nynorskby, Liv Kari Eskeland (H), skriv på Facebook at ho er usikker på om det er nokon god ide å gjera sidemålet valfritt.

To framandspråk frå første trinn
Unge Høgre går også inn for å byrja med to framandspråk allereie frå første trinn på barneskulen.

Ungdomspartiet ønskjer i tillegg anonym retting av prøvar, karakterar frå femte klasse, tilbod til elevar med spesielle talent, og flytting av eksamen til før russetida.

Hund etter politikk
Tradisjon tru fekk partileiar i Høgre Erna Solberg ei gåve av Unge Høgre på landsmøter. I år utstyrde dei Erna med tre halsband slik at ho kan halde kontroll på partileiarane til dei andre borgelege partia i tida framover.

For å halde kontroll på den nye leiaren i KRF, Knut Arild Hareide, heldt det med eit lite søtt kattehalsband med bjelle, til Siv Jensen var det naudsynt med eit skikkeleg pitbullhallsband, medan ei grøn løpeline med rom for å springe frå standpunkt til standpunkt skal halde kontroll på Trine Skei Grande i Venstre.

Sjå heile landsmøtetalen til Henrik Aasheim her:

Faktaboks

I helga er det landsmøte til Høgre.

Følg landsmøtet på Twitter: