Strengare krav for å bli sjukepleiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vil styrke sjukepleiarutdanninga gjennom strengare opptakskrav. Målet er å styrke kvaliteten på utdanninga og tenestene sjukepleiarane utfører.

– Ved å få sterkare kandidatar til sjukepleiarutdanninga, meiner regjeringa at utdanninga blir betre. Sjukepleiarane vil dermed kunne levere tenester av endå betre kvalitet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Ein av grunnane til det skjerpa opptakskravet i matematikk er feilmedisinering.

– Karakterkrav i matematikk kan bidra til å styrke kompetansen til studentane når det gjeld medikamenthandtering. Rett administrering av medisinar er avgjerande for pasientsikkerheita, seier helseminister Bent Høie (H).

LES OGSÅ: Fleire vil verta sjukepleiarar