Støy og harmoni

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alejandro Ghersi, som er mannen bak artistnamnet Arca, er fødd i Caracas, hovudstaden i Venezuela, i 1990. Men størstedelen av barndommen levde han i Nord-Amerika. Då Alejandro var tre år, fekk faren nemleg ny jobb, og familien flytta til småbyen Darien på nordaustkysten av USA. Alejandro lærte seg engelsk, og brukte mykje av tida si på å spele Nintendo i kjellaren.

Då han var sju, begynte han å ta pianotimar. Dette heldt han fram med også etter at familien flytta attende til Caracas i 1999. Kjensla av å vere utanfor vart minst like sterk då Alejandro kom attende til Caracas, som då han budde i Darien. Etter kvart fann han ut at han var homofil, eit tema det ikkje vart snakka ope om i Caracas. Han såg for seg at han måtte undertrykke og halde kjenslene sine skjulte resten av livet.

LES OGSÅ: Er det galskap å satsa på musikk?

Alejandro vende seg mot musikken. Han slutta med klassisk piano då han var 16, same år som foreldra hans gjekk frå kvarandre. I staden var han begynt å skape sin eigen musikk på dataen. Han kalla seg Nuuro, og publiserte songane sine på nettet, der dei vart plukka opp av bloggarar. Dette førte til eit par spelejobbar. Det var også i denne perioden at Alejandro vart kjend med kanadiaren Jesse Kanda. Han er i dag kunstnar, og Alejandro sin faste samarbeidspartnar.

New York
Som 17-åring flytta Alejandro til New York. Han var kommen inn på kunstskule der (men gjorde ferdig utdanninga si på ein annan, meir musikkretta skule). I denne perioden endra mykje seg. Han slutta å lage musikk som Nuuro, og kom ut av skapet som homofil. Då han begynte å lage musikk under namnet Arca, var det eit resultat av alle desse endringane i livet hans, eit ekko av kaoset som fanst i hovudet hans.

I New York møtte Alejandro spennande, nye menneske, og fleire av dei vart samarbeidspartnarar. Han lagde beats for mellom andre Mykki Blanco og Kelela. Samtidig begynte han å publisere eigen musikk igjen; dei tre ep-ane Barón Libre, Stretch 1 og Stretch 2 kom alle ut i løpet av 2012, på plateselskapet UNO NYC. Men det som verkeleg sette fart på Arcas karriere, var at han vart spurd om å bidra på Yeezus (2013), det siste albumet til rapparen Kanye West. Alejandro var med og produserte fire songar. Same år gav han ut mixtapen &&&&&. Kompisen Jesse laga video til musikken, og det felles verket, kalla TRAUMA, vart stilt ut på MoMA PS1 i New York i oktober.

LES OGSÅ: Rock i slow motion

Androgyn
I 2014 flytta Alejandro til London. Etter å ha samarbeidd med både FKA Twigs og Björk fann han endeleg tid til å konsentrere seg om å gjere ferdig sitt eige prosjekt, debutalbumet Xen. Albumet har fått namn etter eit av Alejandro sine alter ego; viss Arca er namnet på artisten Alejandro, er Xen namnet på den feminine sida hans. Han har brukt kallenamnet sidan han var tenåring, både i dagbøker og på nettet, men no har Xen fått sitt eige album – og ei data-animert utforming, av Jesse Kanda.

Xen kom på Mute Records i november 2014, og fekk svært gode kritikkar. For Alejandro var det viktig at albumet skulle ha plass til motsetningar – både lys og mørke, både støy og harmoni, og at karakteren Xen både er mann og kvinne.

LES OGSÅ: Oddvar Torsheim – seig som sirup