Stortrivst over på andre sida også

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortrivst over på andre sida òg

 

Totalt blei det 10 sesongar med eliteseriespel for Odd Grenland, Rosenborg og Brann før treungen med 40 landskampar for eitt år sidan blei henta til New York Red Bulls i USA. Utanlandsdraumen blei sann for Jan Gunnar Solli.

Red Bulls er i Major League, ein serie som blir avslutta med sluttspel. Det blei kvartfinale på laget til Solli, og 20. november var det tid for å vende tilbake til Noreg for ferie og vennebesøk. 
Før den tid hadde han feira 30-årsdagen 19. april med ein skikkeleg fest saman med 40 personar på nattklubb i New York. I juni hadde han 13 treungar på besøk, og dei fekk mellom anna sjå Solli spele ein heimekamp. Dessutan tok han dei med på nattklubb, og ein kveld var Solli DJ.

Elskar musikk 
Me held oss like godt i musikkverda ei stund. Akkurat som det var i Treungen Solli starta med fotball, var det på ungdomsklubben i bygda han byrja med spelejobbar. Den interessa har stadig fått nye vers som har toppa seg siste året. På fritida blei det ti spelejobbar i New York. 

– Det er ikkje enkelt å kome inn som DJ på plassar i ein by med ni millionar innbyggjarar. Eg prøvde sakte men sikkert å få aksept. Det er viktig å prate om anna enn bare fotball med folk, seier Solli om å prøve å få låne inngangsnøkkelen til spelejobbar.

Eit høgdepunkt som gjekk i boks var å vere DJ på same kvelden og staden som Calvin Harris, han som spelar saman med Rihanna for tida. 

– Hadde eg ikkje fått folk i hundre før Harris overtok, hadde eg gjort ein dårleg jobb. Det var ein stor kveld for meg.

Solli fekk også den store gleda av å spele saman med DJ-legenden Eric Morillo i eit ferieparadis i New York.

DJ-turné 
Etter at fotballsesongen var ferdig og Solli hadde kome heim til Treungen, stakk han på betalte DJ-oppdrag i Barcelona, Las Vegas, London og Oslo. I Las Vegas styrde han musikken ein kveld i klubben Marquee, eit kjempelokale som hadde kosta 80 millionar dollar å byggje. 

– Verdas tøffaste klubb, slår Solli fast.

Neste stopp var Opium Mar, største nattklubben i Barcelona. I London kom han i prat med Chelsea-spelar Didier Drogba. 

– Han var godt fornøgd med spelinga mi, og gav meg telefonnummeret sitt. Han sa me måtte møtast neste gong eg kom til London.

DJ-turneen blei avslutta på Onkel Donald i Oslo. Der var det mange kjendisar som til dømes rallyfantomet Petter Solberg. Berit og Magne Solli hadde lagt turen til hovudstaden for å få med seg DJ-framføringa til sonen sin. 

– DJ kan vere lønsamt for meg på eit eller anna tidspunkt. No er spelinga ein fristasjon, og det er gøy å lykkast med noko anna også. Å vere DJ gjev meg energi, men det er fotballen som er yrket mitt, seier Solli.

Somme har meint at DJ-jobben kan øydeleggje for fotballoppgåva, men slikt synest Solli er bare tull.

– Eg har slutta å forsvare at eg spelar musikk, og eg gjer ikkje musikkoppgåver som kan hemme fotballen, slår treungenproffen fast. 

Han synest det er freistande å satse på musikk når fotballkarrieren er over.

– Musikk byggjer bruer som bare juling i meg. Eg har blitt kjent med så utruleg mange det siste året.

Gøy med Henry 
Det er ikkje alle som klarer å kome i kontakt med så mange personar som Solli. Ein gong sa lagkamerat Thierry Henry til Solli at nissedølen hadde ei fantastisk evne til å bli utruleg raskt kjent med folk.

Henry har blitt kåra til verdas beste fotballspelar. I to månader, før serien startar att i USA, er han utlånt til Arsenal. Franskmannen har skåra 226 mål som Arsenal-spelar. Førre tysdag kom mål nummer 227. Henry sytte for einaste målet då Leeds blei slått ut av FA-cupen. 

– Han er framleis ein fantastisk god spelar. Arsenal er lur som henta han. Forventingane blir ikkje noko mindre når Henry kjem tilbake til Red Bulls, seier Solli.

– Henry tener nok godt over 100 gonger meir enn meg. Det er gøy å spele saman med ein så profilert kar, held treungen fram.

Gjennom sist sesong opplevde han ein veldig bra tone i Red Bulls. Gjengen kom til sluttspelet, men måtte gje tapt for David Beckhams LA Galaxy, laget som skulle vise seg å vinne finalen også.

– Kvartfinalekampen var fjerde gongen eg spelte mot Beckham. Eg var såpass lur etter kampen at eg fekk han til å signere ei Galaxy-drakt som eg fekk behalde. Beckham er hyggjeleg å prate med.

Betre spelar 
Solli spela sist sesong 31 ligakampar, og då faktisk alle minuttane i kvart einaste oppgjer. 

– Det var heil spesielt å få spele alle minuttane i så mange kampar, og det vitnar om den tilliten eg har. Eg er ein som jobbar knallhardt og samtidig tråkkar til.

Han måtte stå over to kampar på grunn av raudt kort, og ein kamp fordi han var skada. Med oppkøyringskampane blei det totalt nesten 50 kampar på grasmatta for den norske trettiåringen. 

Det blei inga liga-skåring på Solli, men han var nest sist på ballen ved sju høve. Etter at sesongen var ferdig blei Solli kåra til årets forsvarsspelar i Red Bulls, medan Henry blei årets spelar.

Solli oppsummerer sesongen med at han har blitt ein betre spelar ved å gå til Red Bulls.

– Det passer meg å bli meir med i spelet i oppbyggande fase. Eg har blitt meir komfortabel med ballen, og likar å vere involvert. Eg får lov til å vere kreativ når eg ser moglegheita. 

Solli har i årevis vore kjent for skøyarstrekane sine. Å vere artig på eit anna språk blei ei utfordring.

– Til slutt byrja folk å forstå at du er ein artig kar. Eg held fram med å vere ein liten gjøglar. Me er fleire i Red Bulls som har glimt i augo …

Måtte takke nei 
– Sakna du telefon frå landslagssjef Drillo i fjor?

– Sakna … TV2 sa eg var skuffa over Drillo. Det har eg aldri sagt. Eg sa eg skulle ynske landslagsleiinga fylgde litt meir med på fotballen i USA. 

– Du fekk tilbod om å vere med landslaget til Thailand no i januar. Var det så lurt å seie nei til tur der det skal spelast tri landskampar?

– Trenaren min Hans Backe var ikkje interessert i å frigje nokon på laget i januar. Hadde det vore greitt at eg blei med landslaget, hadde eg gjort det.

– Er det vondt for deg at du ikkje blei med landslaget til Thailand?

– Nei. såpass vaksen er eg. Eg føler ikkje at landslagsdøra er lukka, og eg har i alle fall vekt nysgjerrigheita i landslagsleiinga.

Etter heimkomsten frå USA har Solli fått nokre tilbod frå norske toppklubbar om overgang.

– Eg er smigra over interessa, men eg svara at eg tvilar sterkt på at Red Bulls vil sleppe meg. Klubben kjem ikkje til å selje meg billig, så det stranda av seg sjølv, avsluttar Solli saka rund førespurnadene frå Noreg.

– Eg har veldig lyst til å vinne noko med Red Bulls, kjem det straks etterpå.

Ungkar med saueskinn 
Me kan ikkje halde oss frå å røske litt i privatlivet til nissedølen. 

– Eg er framleis aleine, men no har foreldra mine vore i Heimdal og kjøpt to saueskinnsfellar til meg, så dei har skumle baktankar. Eg skal ha med skinnfellane til New York, humrar Solli.

– Så det er altså inga dame i sikte?

– Veit du kva. Det er så mykje vrient, sjalusi og drama med jenter. Enn så lenge er eg ungkar og spelemann. Eg har det frykteleg godt når eg er aleine, men veit at ein blir meir og meir egoistisk, svara Solli.

Foreldra skyt inn i samtala at sonen kanskje vil fylgje tradisjonen i Solli-familien der alle gifta seg etter å ha fylt 35 år …

Ei jente som Solli i alle fall «falt for» sist haust, er Idol-vinnar Jenny Langlo.

– Ho er fantastisk til å synge, men det var så synd at ho vann. Hadde ho ikkje gjort det kunne ho ha kome over til meg i New York, og så kunne eg ha vore manageren hennar. Då kunne eg introdusert ho for alle kontaktane eg har i New York.

Kriblar 
Solli har eitt år att av kontrakten med Red Bulls, og båe partane kan nytte opsjonen om ytterlegare ein sesong. Kanskje får han tilbod om ny triårsavtale, men det vil i så fall skje på bakgrunn av prestasjonane.

– Eg vil ikkje avvise at det i framtida blir norsk toppfotball att, og har ikkje brunne nokon bruer i dei klubbane eg har vore i, seier nissedølen.

Solli er no tilbake i New York, og byrja med ei veke med mengdetrening for seg sjølv. 16. januar starta Red Bulls oppkøyringa til sesongstarten i mars.

– Eg kriblar etter å kome tilbake til Red Bulls, og me er ein fin gjeng. Fyrste bodet mitt er å trivast der eg er. Livet mitt er heilt topp, og eg har det som plomma i egget. Eg kjedar meg ikkje, og har jo Dyrsku’n og Treungendagen kvar dag, var dei siste orda Solli gav lokalavisa før han flaug til junaiten, igjen.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!