Stortinget avviklar sivil verneplikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tida er moden for å setja sluttstrek for denne ordninga. Vi ventar ingen stor auke sjølv om siviltenesta no blir avvikla. Meininga med siviltenesta har vore å understøtta den militære tenesta, men dette blir ikkje lenger sett på som nødvendig, seier justisminister Grete Faremo (Ap).

I innstillinga til Stortinget seier dei tre regjeringspartia at fritakssystemet til lova vil bli vidareført og at mannskap med ei grunnfesta pasifistisk haldning framleis skal ha rett til å nekta militær teneste. Skilnaden blir berre at dei som får innvilga søknadene sine, ikkje blir overført til sivilteneste.

Faremo strekar likevel under at sesjonsplikta held fram og at militærnektarar også i framtida kan bli kalla inn til teneste i Sivilforsvaret. Viss tilhøva skulle endra seg, opnar vedtaket for å innføra sivil verneplikt på nytt.

– I 1998 var søkte 3.008 personar fritak av overtydingsgrunnar. I 2010 var talet nede i 345 personar. Det ligg difor ikkje føre tungtvegande grunnar til å vidareføre dette apparatet, seier Faremo.

Av årskull på rundt 60.000 vernepliktige er det berre rundt 8.000 som gjennomfører førstegongsteneste. Fleirtalet i justiskomiteen meiner difor at avviklinga av den sivile verneplikta vil ha svært liten effekt på den operative evna til Forsvaret.

– Vernepliktsomgrepet har endra seg mykje dei seinaste åra. Berre eit mindretal av dei vernepliktige gjennomfører ordinær førstegongsteneste. Verknaden av likskapsargumentet er dermed vesentleg svekt, seier fleirtalet i komiteen. (©NPK)

Kva synest du om at den sivile verneplikta forsvinn?