Storsatsing på digital eksamen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har universiteta i Bergen og Tromsø, samt Høgskulen i Volda iverksett tiltak for digital eksamen.  

I haust starta Universitetet i Stavanger (UiS) eit liknade prosjekt, og målet er at 80 prosent av studentande som avlegg skuleeksamen skal gjennomføre eksamen i eit digitalt verktøy.

– Prosjektet er allereie på god veg, fortel Birgitte Dambo til universitetet sine nettsider. Ho er leiar for prosjektet «Innføring av 80 prosent digitale eksamen ved UiS».

For å nå målet vil universitetet leige eksterne lokale utstyrt med teknisk utstyr for digital eksamensavvikling og undervisning. Utanfor eksamensperioden vil lokala brukast til undervisning med nye digitale læringsformer.

Våren 2017 er målet at om lag 40 prosent av eksamenane er digitale, og gjennom dialog med alle fakultet og intitutt på UiS håpar Dambo å legge til rette for å doble talet i løpet av hausten.

Ny student? Her er sju ting du treng å vita.